Meia nesten ned fotgjengar, krasja i gjerde og stakk av

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet i Florø fann bildelar, trur dei veit bilmerket

DEL

Poltiiet leitar no etter ein sjåfør som med naud og neppe ikkje meia ned ein fotgjengar i Florø i kveld.

- Det var ein fotgjangar som skulle krysse Kinnveien, i fotgjengarfeltet, så kjem denne bilen i stor fart, med kurs rett mot fotgjengaren. Fotgjengaren må kaste seg til sides, bilen gjer ein unnamanøver og krasjar inn i eit metallgjerde. Gjerdet vart øydelagt i krasjet, men sjåføren køyrte vidare og stakk av, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Politi vest til Firda.

Dei har nokre spor å gå etter:

- Fotgjengaren meiner det var ein liten grå personbil, og politiet er av den oppfatning, ut frå dei delane som ligg att, at det er ein Mazda. Fotgjengaren meiner sjåføren er ei vaksen kvinne, kanskje i femtiåra eller der omkring. Det er i alle fall ikkje ein ungdom, seier Værøy.

Politiet fekk ikkje melding om det som hadde skjedd før to timar etterpå, men dei etterlyser no personar som kan ha opplysningar som kan leie dei til føraren.

- Vi ynskjer tips frå publikum, om nokon veit kva bil det kan vere snakk om, eller om dei ser bilar med skade på høgre side, seier Værøy.

SISTE: (Kl 22.26): Politiet melder at dei no har funne det dei trur er rett bil, og eigaren vil bli kontakta.

Artikkeltags