Har samla Vestlandet for politidistriktet

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Ingrid Heggø er åleine frå Sogn og Fjordane i Arbeidarpartiet på Stortinget, men no før årsmøtet torsdag har ho samla heile Vestlandet. I alt ti representantar kjem til å støtte ei oppretthalding av Sogn og Fjordane politidistrikt.

Stortingsrepresentant for Ap i Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, har lukkast med målet ho hadde sett seg før landsmøtet til Ap på Folkets Hus i Oslo torsdag. Stortingsrepresentantane for Arbeiderpartiet i Vest er alle blitt samde i høve til politireforma.

Dette gjeld ei fylkesinndeling av politidistrikta og ei politisk avgjerdsle kring kor det enkelte lensmannskontor skal ligge.

Står samla

- No står heile Vestlandet samla i flokk frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Vi ønskjer ei fylkesinndeling som betyr at vi vil oppretthalde Sogn og Fjordane politisdistrikt, seier Heggø. 

Med ein heil landsdel og 10 representantar i lag som snakkar med ei tunge meiner Heggø gir grunn til å tru at det vil vere støtte på kysten vidare oppover landet.

- Trur du dette er det som skal til for å sikre støtte i heile partiet?

Ja, det trur eg faktisk. Hovudbakgrunnen vår er at det som er lagt fram i politireformen ikkje er bra for innbyggarane i Sogn og Fjordane. Reforma avklarar ikkje korleis nasjonale kriser skal handterast og leiast. Det andre er at det er umogeleg å lese seg fram til kva som kan bli sluttresultatet for kvart lokalsamfunn. Men det viktigaste er at reformen ikkje svarar på utfordringane Gjørv-kommisjonen tok opp, slår Heggø fast. 

Justisfraksjonen vektlegg innhald

Hadia Tajik som er leiar for justiskomiteen var i Florø nyleg og møtte partiet i Florø der både ordførarkandidat, fylkesleiar, fylkesordførar og Heggø var på plass. Vi i pressen vart sendt på gongen då dei skulle diskutere indremedisin i saka, men no tyder mykje på at argumenta har nådd fram. 

- Vi har avklart dette med justisfraksjonen at vi på Vestlandet står samla. Justis i Ap har fokusert mest på innhaldet i reformen og det tydar på at vi har vunne fram, seier Heggø.

No er det altså slik at representantane frå Hordaland og Rogaland og Møre og Romsdal vil stemme for at Sogn og Fjordane politidistrikt skal bestå. Dette meiner Heggø har vore avgjerande.

- Dette er ein stor styrke. Eg er åleine frå Sogn og Fjordane på Stortinget, men når eg her har med ein heil landsdel blir argumenta meir tungtvegande. Eg trur dette vil gå vegen, svarar Heggø på telefon frå Gardermoen.

- Veldig gledeleg

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Flora, Ola Teigen fortel det er strålande at heile Vestlandet no er samla bak den såkalla fylkesmodellen i politireforma. Han skal til landsmøtet i Arbeidarpartiet no på torsdag der å lobbyere for politidistriktet blir sentralt.

- Dette er kampen i partiet og vi skal gjere det vi kan for å lande den. Akkurat no ser det lyst ut då vi har fått alle vestlandsfylka med på fylkesmodellen, så no er det om å gjere å få med fylka i nord. Det er mogelegheiter, men det er utruleg viktig at også representantar i frå andre parti er med og gjer det same inn mot sine sentrale representantar. Vi skal gjere jobben vår i Arbeidarpartiet i alle høve, seier Teigen. Han meiner det har vore godt budde i kampen for å oppretthalde Sogn og Fjordane som grense både for beredskapsområdet og politidistriktet.

- Vi har jobba godt her lokalt. Vi har spissa argumenta, fått møte dei fremste justispolitikarane fleire gonger. Vi har også hatt heile fylkespartiet med frå start av og det ser ut som argumenta vi har lagt fram blir støtta sentralt. Kampen er ikkje over, men støtta så langt gir oss alle høve motivasjon til å følge prosessen heilt inn, avsluttar Teigen. 

Artikkeltags