Grønnevik vil ha omkamp om sukkeravgifta

Vidar Grønnevik

Vidar Grønnevik

Artikkelen er over 1 år gammel

Sogn og Fjordane Høyre varslar omkamp om ekstraavgifta på søtsaker på landsmøtet i starten av april.

DEL

Då statsbudsjettet blei klart ein sein nattetime før jul i 2016, blei det klart at det skulle bli dyrare å spise og drikke usunt i Norge. Nærast over natta auka avgiftene på sukker med 83 prosent, og avgiftene på brus og andre alkoholfrie drikkevarer auka med 42,3 prosent.
 

Reaksjonane har vore kraftige frå bransjen, som meiner den aukta avgifta fører til tap av norske arbeidsplassar og auka grensehandel. No kjem også reaksjonane internt i regjeringspartiet Høgre.

For dårleg

Helga etter påske samlar Høgre seg til landsmøte på Gardermoen. Der skal dei behandle eit forslag frå Sogn og Fjordane Høgre om å reversere sukkeravgifta.

– Vi går ikkje ut mot ei avgift på sukker som sådan, men treffsikkerheiten er for dårleg. Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Når vi ser effektene dette har på grensehandelen, tar det litt av. Det er ikke spesielt heldig.

Vidar Grønnevik, leder i Sogn og Fjordane Høyre

Han meiner sukkeravgifta råkar skjevt, trugar norske arbeidsplassar og norsk verdiskaping og fører til auka grensehandel.

Eksempelet partilaget drar fram er Lerum i Sogndal, som lagar saft. Lerum har redusert det gjennomsnittlege sukkerinnhaldet i drikkeklar saft med over 30 prosent dei siste åra, men blir likevel truffe like hardt av avgiften som brus med langt høgare sukkerinnhald.

– Avgiftsauken på saft førte til at Lerum fekk ein kostnadsauke på 16 millionar frå 2017 til 2018. Produkta har blitt dyrare i butikk med fare for redusert omsetnad, som igjen vil gå utover arbeidsplassar, skriv partilaget i sitt forslag.

Auka grensehandel

Mange har også argumentert for at den auka sukkeravgifta vil føre til auka grensehandel. Allereee før avgifta blei innført aukta svenskehandelen kraftig, viser nye tal frå SSB. Talla viser at nordmenn handla for 1.259 millionar kroner meir i utlandet i 2017 enn året før. Talet dagsturar gjekk opp 12 prosent, frå 7,7 til 8,6 millionar.

– Når vi ser effektene dette har på grensehandelen, tar det litt av. Det er ikkje spesielt heldig, seier Grønnevik.

Leiar i finanskomiteen og finanspolitisk talsperson i Høgre, Henrik Asheim (bildet), seier han ikkje synst det er rart at partilag i Høgre ønsker å få bukt med dagens sukkeravgift.

– Dette er ei avgift Høyre og Frp ikkje hadde i sine forslag til statsbudsjett, men den kom som eit resultat av budsjettforhandlingane med Venstre og KrF. Men vi står for at vi har vedtatt det budsjettet. Vi fekk fjerna maskinskatten og redusert skattetrykket, sjølv om KrF ønska å auke det med 8 milliardar. Summen av budsjettet er god, men eg forstår at fylket til Lerum saftproduksjon er kritiske til avgifta. Det er heilt legitimt, seier Asheim.

Smartare innretning

Han seier det vil bli ein krevjande situasjon dersom både Høgre og Frp i løpet av våren vedtar at dei er mot avgifta.

– Det er ikkje mogleg å sjå føre seg at vi kan ta dei pengane ut att av eit vedteke budsjett, utan å ha inndekning. Vi må i staden finne ein smartare innretning på avgiften. Når vi først skal ha ei avgift på sukker, noko eg ikkje meiner er så dumt, bør vi sørge for at den faktisk treffer sukkerhaldige varer. Eg har sagt at eg meiner finansdepartementet no må komme tilbake til Stortinget med ein smartare innretning på sukkeravgifta, seier Asheim.


Artikkeltags