Ho vil møte presidenten

Åshild Kjelsnes er overraska og uroa over nedlegginga.

Åshild Kjelsnes er overraska og uroa over nedlegginga.

Artikkelen er over 4 år gammel

Stiller seg undrande til Redningsselskapets avgjerd.

DEL

Åshild Kjelsnes har skrive brev til Redningsselskapet for å be om eit møte etter at det blei kjent at Redningsselskapet vil legge ned distriktskontoret i Sogn og Fjordane.

Brevet er stila til president Nicolai Jarlsby og generalsekretær Rikke Lind. Dei har fine titlar i Redningsselskapet.

- Brevet er på fylkeskommunene og alle kystkommunane: Selje, Vågsøy, Bremanger, Flor, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Solund, seier den avtroppande fylkesordføraren til Firdaposten.

- Vi er alle overraska og svært uroa over avgjerda, seier ho.

I brevet ber Kjelsnes på vegner av fylkeskommunen og kystkommunane om at presidenten og generalsekretæren kjem til Sogn og Fjordane, men viss det ikkje går, så kan representantar frå fylket møte dei der det passar.

- Vi vil gjerne møte leiinga for å fortelje kva konsekvensar vi meiner at nedlegginga vil få i fylket vårt, seier ho.

Artikkeltags