Regjeringa ønskjer å flytte meir makt og mynde nærare kommunane. Det er kjerna i stortingsmeldinga om nye oppgåver som kan flyttast til kommunane, som vart offentleg fredag. I meldinga rår regjeringa til å invitere fylka inn i kommunereforma. Framlegget går ut på at fylka sommaren 2015 blir inviterte til å innleie nabosamtalar for å sjå om det er aktuelt å slå seg saman.

– Vi treng eit regionalt nivå som kan ein sterkare rolle i samfunnsutviklinga og møte dei ulike utfordringane regionane i landet vårt står overfor. Endra kommunegrenser gjer at fylka også bør sjå på sine grenser, seier kommunal- og moderninseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Med tanke på at Sogn og Fjordane er blant dei minst folkerike fylka i landet, er det ikkje utelukka at fylket blir slått saman.
– Vårt primære ønskje er å stå på eigne bein, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og strekar under at fylket to gonger tidlegare, i desember og i februar, har diskutert samanslåing med dei andre vestlandsfylka – utan at nokon av partane var interesserte i ei større eining.
– Så enn så lenge lever vi lykkeleg åleine, seier Kjelsnes.