Fylket krev utsleppsfrie båtar innan 2024. – Dette har vi arbeidd for!

Team Ocean Hyway cluster. Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy.

Team Ocean Hyway cluster. Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy.

FLORØ: Onsdag denne veka offentleggjorde samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune høyringsutkastet til utlysing av nye hurtigbåtanbod frå mai 2022. Framlegget legg opp til åtte båtar med nullutslepp, mellom anna i dei energikrevjande rutene Bergen-Sogn og Bergen-Selje.

DEL

Høyringsutkastet finn du her. Høyringsfristen er 4. oktober.

Fremlegget blei offentleggjort samstundes med at Ocean Hyway Cluster arrangerer maritim hydrogenkonferanse i Florø med 160 deltakarar frå 19 ulike nasjonar. Konferansedeltakarane braut ut i spontan applaus då nyhenda blei formidla under opninga av konferansen sin andre dag. Mange av dei internasjonale deltakarane er imponerte over den norske modellen med dialog mellom utlysar og tilbydarar for å komme fram til eit best mogeleg anbodsgrunnlag.

Det skriv Hub for Ocean i ei pressemelding.

Næringslivet er klare

Rundt om i verda er det nærare 400 hydrogenfyllestasjonar, dei fleste i USA, Europa og Japan. Over 300 hydrogenbussar og 10 000 hydrogenbilar frå fleire produsentar er i dagleg drift.
I april i år signerte Hyundai avtale om å levere 1600 hydrogendrivne lastebilar til Coop i Sveits. I USA har eigar av Budweiser-konsernet inngått opsjonsavtale på levering av opptil 800 Nicola One hydrogentrucks.

I Europa og USA er fleire hydrogenfartøy under konstruksjon, blant anna ferjer og passasjerbåtar.
Den eine passasjerbåten blir ferdigstilt hausten 2019 og fire andre fartøy i 2020 og 2021.
I Noreg skal Norled byggje to hydrogenferjer, begge med driftstart i 2021. Norske maritime aktørar gjer seg no klare til ei rask utvikling for bygging og drift av passasjerfartøy på hydrogen. Det er venta at utviklinga vil gå like hurtig som elektrifisering av ferjeflåten.

Mange mogelegheiter

Det er dyrare med bygging av batteri- eller hydrogenfartøy. Politikarane i Sogn og Fjordane har difor fatta vedtak om å sette av 105 millionar kroner årleg i ekstra løyvingar til drift av hurtigbåtar i neste anbodsperiode. I anbodet kjem det krav om Co2-fri drift av rutene frå 2024.

At Sogn og Fjordane fylkeskommune no er først ute med å lyse ut nullutslepps-anbod kan gi høve til å løyse ut statleg stønad.
I regjeringa sin Handlingsplan for grønn skipsfart står det mellom anna: «Regjeringen vil arbeide videre med en støtteordning for fylkeskommuner som stiller krav om lav- og nullutslippsløsninger i hurtigbåtanbud. Ved fremtidige revisjoner av kostnadsnøklene i inntektssystemet for fylkeskommunene, vil regjeringen ta hensyn til kostnadsøkninger som følger av at fylkeskommunene har stilt krav om lav- og nullutslippsløsninger i ferge- og hurtigbåtsamband.»

Ros til fylkeskommunen

Ocean Hyway Cluster, eit nasjonalt hydrogensamarbeid drive av Hub for ocean i Florø, er godt nøgd med framlegget.

– Vi har arbeidd i mange år med å fremje nullutsleppsløysingar, særleg med hydrogen som energiberar. Fylkeskommunen har fanga opp dei mogelegheitene som ligg i nye maritime teknologiløysingar og har gjort eit bra arbeid så langt, seier Stein Kvalsund og Kristin Svardal i Ocean Hyway Cluster.

No er det opp til næringslivet å levere dei beste løysingane. Ocean Hyway Cluster og fleire av samarbeidspartnarane er allereie involverte i ulike hydrogenbåtprosjekt.

– Noreg har verdsleiande kompetanse og er klare til å levere. Framlegget frå fylkeskommunen er svært bra og kan bidra til at norsk næringsliv tek ein leiande internasjonal posisjon i forhold til hydrogendrivne passasjerbåtar, seier Trond Strømgren.

– Det var ein god dag på jobb i går, både med internasjonal konferanse og eit fylkeskommunalt framlegg som viser veg for framtida, avsluttar han.

Artikkeltags