Hordaland-politikarar varslar hemn mot Sogn og Fjordane. – Dette vil bli hugsa

SMILTE DEN GONG: Slik var stemninga, då Hordalands varaordførar Pål Kårbø og Sogn og Fjordanes fylkesordførar Jenny Følling signerte intensjonsavtalen om fylkessamanslåing. Seinare vart det krangel.

SMILTE DEN GONG: Slik var stemninga, då Hordalands varaordførar Pål Kårbø og Sogn og Fjordanes fylkesordførar Jenny Følling signerte intensjonsavtalen om fylkessamanslåing. Seinare vart det krangel. Foto:

Av

FYLKESPOLITIKK: Tysdag bestemte fylkestinget i Sogn og Fjordane å overføre aksjane i SFE til kommunane. Det fekk Hordaland med seg, for å seie det slik.

DEL

– Når Sogn og Fjordane har vald å tøye strikken sin så langt, så må dei ikkje bli overraska over om det kjem ein motreaksjon, seier Pål Kårbø (KrF), fylkesvaraordførar i Hordaland, til avisa BT.

På tysdag vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å gi SFE-aksjar til kommunar i fylket, eit vedtak som var dømt til å hisse opp Hordaland-politikarar, skriv Firda.

Det er snakk om milliardverdiar i SFE-aksjar som Sogn og Fjordane vil sikre at blir verande i fylket før samanslåinga med Hordaland.

– Det er klart at når det kjem ny diskusjonar mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, så vil det som skjedde i dag bli hugsa, seier Kårbø til BT.

Det har vore heit usemje mellom fylkespolitikarane i nabofylka om kva Sogn og Fjordane skal få lov til å gjere med SFE-aksjane sine.

Tilrår å overføre fylkets SFE-aksjar til kommunane 

Artikkeltags