Skaut mest hjort i Sogn og Fjordane

MEST: Det blei felt mest hjort i Sogn og Fjordane i fjor. Av kvoten på 16.600 blei det felt 12.850 dyr. Her er det Brage Martin Gillestad og Olav Holsen som er på jakt.

MEST: Det blei felt mest hjort i Sogn og Fjordane i fjor. Av kvoten på 16.600 blei det felt 12.850 dyr. Her er det Brage Martin Gillestad og Olav Holsen som er på jakt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Jegerane i fylket skaut mest hjort av alle og 2000 meir enn i 2016.

DEL

Sjølv om utbytet frå elgjakta auka, var det hjortejakta som slo alle rekordar i jaktåret 2017/2018, opplyser Statistisk sentralbyrå. I alt vart det felt 42.500 hjortar og 31.600 elgar i dette tidsrommet.

Skaut mest av alle 

Flest hjort vart skotne i Sogn og Fjordane. Her vart det felt 12.850 dyr av ein kvote på 16.600. Det er nesten 2.000 fleire enn førre år og gir ein fellingsprosent på 78.

For første gong passerte hjortejakta fellingsrekorden til elgjakta frå 1999, då det vart skote 39.400 elgar. Etter tusenårsskiftet har utbytet frå elgjakta gått gradvis ned i mange av dei viktige elgområda, og talet på fellingar nådde sin førebelse botn i jaktåret 2016/2017. I same periode har utbytet frå hjortejakta halde fram å stige og passerte elgjakta i 2008/2009. I jaktåret 2017/2018 auka utbytet frå elgjakta med 780 dyr frå førre jaktår. Det blir likevel lite samanlikna med hjortejakta, der utbytet auka med 4.800 dyr, skriv SSB på nettsidene sine.

Av fellingskvotane på 57.200 hjort og 39.900 elg enda fellingsprosentane på respektive 74 og 79 prosent.

Stryn på andreplass

Under elgjakta i fjor detroniserte Nord-Trøndelag Hedmark frå toppen av fellingsstatistikken for første gong på over 60 år. For andre år på rad er det trøndelagsfylket som kan vise til flest felte elgar. Av ein kvote på 6.100 elgar vart det skote 5.600 dyr. Fellingsprosenten enda på 91 prosent.

Kvinnherad kommune i Hardanger toppar statistikken for hjort i 2017/2018, slik kommunen også har gjort tidlegare år. I alt vart det felt 1.057 hjortar i kommunen under jakta. Stryn i Sogn og Fjordane, Hitra i Sør-Trøndelag og Ørsta i Møre og Romsdal følger like bak.

Trønderkommunen Steinkjer var også denne gongen den største kommunen målt i talet på felte elgar i jaktåret 2017/2018. I alt vart det skote 889 elgar i kommunen, som er over 400 fleire enn det som vart felt i hedmarkskommunen Trysil, som var nummer to på lista.

Artikkeltags