BKK held fram som eigar i Sogn og Fjordane Energi

BKK: Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.

BKK: Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland. Foto:

BKK vil halda fram som eigar i Sogn og Fjordane Energi (SFE), og tar ikkje stilling til tilbodet frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om å kjøpe BKK ut av SFE.

DEL

Det skriv BKK i ei pressemelding.

Fylkeskommunen har overført sitt eigarskap i SFE til Sogn og Fjordane Holding, som er 100 prosent eigd av fylkeskommunen. BKK eig 36,8 prosent av SFE, medan Sogn og Fjordane Holding eig 49,6 prosent.

Endra vedtekter sikrar Vestland fylke kontroll

Fylkestinget vedtok 4. juni å endra vedtektene for Sogn og Fjordane Holding, slik at Vestland fylke er sikra kontroll over selskapet etter fylkessamanslåinga 1. januar 2020.

- Det er viktig for oss at det er nye Vestland fylke som blir eigar i Sogn og Fjordane Holding. Dei nye vedtektene sikrar ei balansert styring av selskapet, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Fylket vil overføre kraftverk frå SFE til BKK

Sogn og Fjordane fylkeskommune tok initiativ til å kjøpe BKK ut av Sogn og Fjordane Energi (SFE). I bytte mot aksjar i SFE har Sogn og Fjordane Holding no tilbydd ein kombinasjon av kontantar og overføring av kraftproduksjon frå SFE til BKK. Både styret og administrasjonen i SFE har gitt signal om at dei ikkje er tilfreds med tilbodet fylkeskommunen har lagt på bordet om overføring av kraftverk.

BKK er sikre på at naturressursane på Vestlandet best kan forvaltast og vidareutviklast gjennom eit sterkt Vestlandsselskap, med ein desentral organisasjonsstruktur der sterke regionale kompetansesenter vert motor for lokal verdiskaping og samfunnsutvikling.

- Vi har vore ein langsiktig eigar i SFE fordi vi har sett dette som eit framtidsretta og riktig samarbeid, der vi saman har bidratt til utvikling og verdiskaping til beste for lokalsamfunnet, kundar og tilsette. Slik vi vurderer det no, er det framleis rett for BKK å være ein aktiv eigar i selskapet slik at vi kan halda fram å samarbeida om gode energiløysingar på Vestlandet, seier Hilland. 

Artikkeltags