(Firda)

Politiet melde litt over klokka 13.00 søndag ettermiddag om at det hadde gått eit snøskred i Stardalen i Sunnfjord. Skredet er 400 meter breitt, og skal ha gått i stor høgde under Tortnegrøegga.

Politiet ber bilistar vere obs på utrykkingskøyretøy i området.

Fire personar er gjort greie for, og er i god behald, opplyser politiet. Klokka 14.10 melder politiet at det er observert fleire turfølge i området, men at ingen er stadfesta tekne av raset. Det blir no søkt med både helikopter, hundar og mannskap.

Saka blir oppdatert.