Vest politidistrikt melder at det har gått eit snøras i halv åtte-tida fredag morgon på Fylkesveg 618. Raset har gått ved Flister, på Fylkesveg 618 mellom Måløy og Selje.

Vegtrafikksentralen Vest skal vere varsla om raset.

Ingen skal ha blitt tekne eller skadde av snøen, og det skal vere råd for bilar å passere området.

Entreprenørar skal vere på veg for å rydde vegbana.