Følg brunsniglekampen – minutt for minutt!

Artikkelen er over 2 år gammel

Om du merker tekniske feil innimellom, ikkje fortvil. Vi fiksar det så fort vi kan!

DEL

– Dette går ikkje lenger. Hundrevis av florøværingar, væpna med øl, sniglemiddel og havregryn – mot ein taus, beinlaus liten skapning som ikkje har gjort anna enn å halde omsetningstala for Hagesenteret i byen oppe. Nokon må tale den brune si sak – og det får blir oss, humrar redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee – med eit dårleg skjult ironisk flir.

I dag lanserer Firdaposten, sterkt inspirert av NRK sine milelange tv-sendingar frå Hurtigruta, Telemarkskanalen, Finnmarksvidda – og alle andre plassar der ting går langt og sakte – sitt eige konsept: Brunsniglens dødskamp – minutt for minutt. Sist veke stod nemleg hageeigarar i Florø i lang kø for å få delt ut våpen og ammunisjon til tidenes største aksjon mot den akk så forhatte brunsniglen. Timar seinare var hagefolket i i sving i hagar og tilgrensande friområde, og hundrevis av kilo med giftig lokkemat blei lagt ut.

LES OGSÅ: Er du klar for årets krig mot han her?

OM DUGNADEN: Til kamp mot brunsniglane 

Vee meiner Firdaposten har ei god sak, reint sjåarmessig:

– Eg har stor tru på dette. Viss folk er villige til å bruke tid på å stirre timesvis inn i ein tv som viser ein snøkledd vidde, tåkelagt og utan ein einaste rein – så må brunsniglen som går i ølfella vere for reinaste actionfilmen å rekne. Vi  reknar med sjåarrekord, seier Vee, som raust lovar at alle hagelag og blomsterforeningar fritt kan få dele livesendinga frå øl- og havrebolle-skåla i vekene framover.

– Det same gjeld sjølvsagt NOAH, på sine nettsider. Om dei vil køyre live eller redigere bort dei verste scenene, får bli opp til dei, seier redaktøren.

Den store spenninga knytt til direktesendinga frå blomsterbedet ein hemmeleg stad i Florø er sjølvsagt om brunsniglen bit på agnet. Men kven veit, kanskje vi får besøk av småfuglar, kattar, piggsvin eller eit eller anna småkryp?

LANG KØ: Det var ei lang kø då det vart delt ut gratis nemaslug til å bekjempe brunsneglar på Jens Helmers Plass i Florø laurdag.

LANG KØ: Det var ei lang kø då det vart delt ut gratis nemaslug til å bekjempe brunsneglar på Jens Helmers Plass i Florø laurdag. Foto:

LES OGSÅ: Dyrlegen svarar: – Dette er heilt trygt for dei firbeinte

Over 3000 følger sakte-tv om sniglekampen 

Artikkeltags