Snigledugnaden vart ein gedigen suksess

Nina Nyttingnes, leiar i Flora hagelag, Irene Hollevik, GIS-konsulet i Flora kommune, og Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune, plottar inn områda i Florø som har fått utlagt sniglemiddel.

Nina Nyttingnes, leiar i Flora hagelag, Irene Hollevik, GIS-konsulet i Flora kommune, og Kaja Standal Moen, miljørådgjevar i Flora kommune, plottar inn områda i Florø som har fått utlagt sniglemiddel. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Initiativtakarane hadde aldri venta så stor respons.

DEL

Både Flora kommune og Flora hagelag har opplevd enorm respons på fellesdugnaden mot brunsniglane. Det fortel miljørådgjevar Kaja Standal Moen og hagelagsleiar Nina Beate Nyttingnes.

LES OGSÅ: Er du klar for årets krig mot han her?

Laurdag 20. mai var over 1500 menneske innom hagelaget sin stand ved Amfi for å hente gratis sniglemiddel, sponsa av Flora kommune.

– Det er heilt fantastisk, folk har vore veldig engasjerte. Allereie ein time før vi skulle starte laurdag stod det folk i kø, og det var kø heile dagen, fortel Nyttingnes, som er leiar i Flora hagelag.

– Eg trur ikkje vi har hatt ein så stor dugnad i Florø nokon gong før. Eg har fått veldig mange telefonar frå takknemlege privatpersonar. Folk er så glade for at kommunen har teke initiativ til dette, seier Nyttingnes.

Fredag siste sjanse

Fredag er siste sjansen om ein ønsker å delta i denne runden av sniglekrigen. Då kan ein hente Nemaslug på servicetorget på samfunnshuset mellom klokka ni og 15. Ein må ha med noko å ha pulveret i.

– Vi har litt sniglemiddel att, og dette skal vi dele ut då. Dette er aller siste sjanse, seier miljørådgjevar Kaja Standal Moen.

Dei oppfordrar spesielt burettslag til å hente middel, då det er ein del av dei som ikkje har henta. I tillegg er det manglande dekning i fleire område i Florø.

– Solheim, Brandsøyåsen, Midttunet og Brandsøy er område som ikkje er så godt dekt. Hammeråsen, Hammermarka, Fimlandsmarka og Gunhildvågen sør er andre område det skulle vert lagt ut middel i, seier dei.

Ikkje fortvil om sniglane lever enda

Ein del undrar seg over at dei framleis har levande sniglar i hagen etter å ha lagt ut havregraut med nemaslug.

– Ein treng ikkje stresse av den grunn. Det tar ei god veke, gjerne ni dagar, før dei døyr av dette. Og då startar kannibalprosessen, som gjer til at parasitten vert spreidd til fleire sniglar, fortel Standal Moen.

– Dei romsterer gjerne rundt i hagen sjølv om dei har fått i seg parasitten frå nemaslugen, legg ho til.

Nina Nyttingnes har sjølv observert små døde sniglar i eigen hage.

– Og det er fleire som har observert døde småsniglar. Så det verkar som dei døyr raskare, seier ho.

Dei oppfordrar folk om å la dei døde sniglane ligge. Viss ein plukkar sniglar no, vil ein forstyrre spreiinga av snigleparasitten.

– Viss ein ikkje klarar å la vere å drepe sniglane, så del dei i to og la dei ligge. Så blir dei uansett åte for andre. Dei er nok vekke dagen etter, seier Nyttingnes.

– Det er veldig viktig å skjønne at dette tek tid. Og målet vårt er ikkje å utrydde brunsnigelen, men å redusere bestanden veldig, påpeikar Standal Moen.

– Fortener skryt

Dei har hatt ei bratt læringskurve i prosessen med denne dugnaden, som vart mykje meir arbeidskrevjande enn dei hadde trudd. Det er mogleg det blir ein ny runde med sniglekrig i løpet av hausten, truleg i september. Men då vert det organisert på ein annan måte.

– Planen er at vi då skal ha sementbil som blandar ferdig, og køyre rundt i bydelane og levere ferdigblanda middel til folk. Då må ein stå klar langs vegen med bøtte, fortel miljørådgjevar Kaja Standal Moen.

Ho er veldig glad for hagelaget sin innsats.

– Dei har stått veldig på, og fortener mykje skryt! Vi må få takke alle som har delteke, både frivillige hjelparar og sponsorar, seier Standal Moen.

– Kommunen skal ha kjemperos for å ha teke initiativ til dette, og kjøpt inn nemaslug til alle. Og Oda Helgås på Rema 1000 på Evja har vore ei heilt fantastisk hjelp for oss. I tillegg er det fleire butikkar som har samla gammalt brød, og veldig mange privatpersonar som har stilt opp, seier Nyttingnes.

LES OGSÅ: Over 3000 følger sakte-tv om sniglekampen

Dyrlegen svarar: – Dette er heilt trygt for dei firbeinte 

Artikkeltags