Kinn Utdannings- og Ressurssenter (KURS KF) har ikkje fått noko pangstart i det første driftsåret etter at kommunen gjenopna Solbakken asylmottak. Det skuldast i all hovudsak koronapandemien som har vore ein brems i det viktige arbeidet med å busetje flyktningar i kommunen.

No spår KURS-styreleiar Ronny Cassells at dette vil endre seg i 2021, og at ein no på tampen av 2020 alt ser ei lysning.

– I mange år har Innvandrarsenteret, no KURS, bidrege sterkt til å halde folketalet i kommunen oppe. Føretaket har gjeve mange lokale arbeidsplassar og kasta av seg årlege overskot i ti-millionarsklassen til ein sårt trengande kommuneøkonomi. Men så blei asylmottaket stengt ned, til liks med mange andre mottak her i landet. Då vi vann ny statleg kontrakt og gjenopna Solbakken asylmottak, så kom koronaen. Det har vore ei krevjande tid med store omstillingar, men no ser vi lysare på det, seier Cassells.

34 er bestillinga frå staten

Han fortel at om kort tid vil arbeidet med å busetje flyktningar i Kinn få eit løft. Og først ut er Måløy.

– Vi får to storfamiliar hit i nærmaste framtid. Begge familiane skal busetjast i Måløy. Der har vi godt med bustadkapasitet og vi har også personell der som vil følgje dei opp, seier Cassells.

Og det vil kome fleire i løpet av året som kjem. For 2021 har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) bede Kinn kommune om å busetje 34 flyktningar. Det meiner styreleiaren at både KURS og kommunen har god kapasitet til å handtere.

– Vi har også gitt tilbakemelding på at vi har kapasitet utover dette til å ta imot opp mot 40 personar frå Moria-leiren, slår han fast.

Dermed peikar pilene igjen mot ei drift som det blir lagt merke til på nasjonalt nivå. KF Innvandrarsenteret i tidlegare Flora kommune har vore eit føregangsdøme for mange andre i fleire år. Både Fylkesmannen og direktoratet har peika på drifta i Florø som eit fagleg fyrtårn. Men ein var nær ved å misse alt dette, minner Cassells om:

– Diverre mista vi asylmottaket på Solbakken, samstundes som det har vore sterk nedgang i kjerneverksemda, nemleg flyktningebusetjinga. Dei siste to åra har antal asylsøkjarar gradvis gått mot nær null. I år har i tillegg pandemisituasjonen nærast stogga opp all busetjing. Allereie for to år sidan opplevde styret at det såg stygt ut for framtidsutsiktene til dei vel 30 tilsette i KURS.

Inntektene halvert

Inntektene vart halvert, og i fjor måtte KURS kutte i bemanninga. Sjølv om ein nytta naturleg avgang og intern omplassering i kommunen, var det fleire som mista jobben. Den nyoppretta kompetanse- og prosjektavdelinga tok unna ein del, og det viste seg å vere viktig når ein igjen vann asyldriftanbodet og skulle skalere opp igjen, fortel Cassells.

– Vi unngjekk å seie opp så mange som vi først frykta. Kvaliteten på arbeidet med norskopplæring og jobbkvalifisering har heile tida vore i høgsetet. Å ha denne kompetansen på plass no som vi er i drift igjen, har vore utruleg viktig.

Drift i balanse trass korona

No er KURS kome til eit punkt der dei ser lys I enden av tunnelen. Styret behandla i går eit revidert budsjett som syner eit ørlite overskot.

– Dette skuldast i hovudsak at vi har fått i gang asylmottaket att, men også det at sentrale styremakter prioriterer oss som busetjingskommune grunna god kvalitet i arbeidet vårt over tid, seier styreleiaren.

Og han meiner KURS har fleire bein å stå på no enn tidlegare.

– Vi har ein inntil 10 år horisont på kontrakten om drift av asylmottak. I tillegg vil forsknings- og utviklingavdelinga vi bygde opp, bidra med prosjektstillingar som er statleg finansierte. Vi håpar at integreringsavdelinga i åra som kjem kan nyttast til dei mange flykningane som vi veit er på flukt. Mange av dei sit no fast grunna koronarestriksjonar, men det håpar og trur vi løyser seg på eit tidspunkt, avsluttar Cassells.