– Desse stolane er faktisk skikkeleg gode – og eg kresen på sittekomfort. Berre sett deg ned og kjenn! oppmodar restaurantsjef Magne Kirkeeide og stikk ein kopp kaffi i handa på meg.

Gjestfridomen hos ein som har sett til at folk har fått mat, drikke og kvile i titals år sit i ryggmergen.

Stolar frå 1997

I nesten tjue år har han og hotelldirektør Jonas Alander begge vore på huset – men stolane og borda i restauranten har endå litt lenger fartstid, for dei stod i restauranten på opningsdagen i 1997. Naudsynte utskiftingar av bordplater og stolsete i tråd med vår tids mantra om gjenbruk har blitt gjort gjennom åra.

– I januar 2016 opna vi etter den siste større oppussinga. Då hadde vi rive heile buffetområdet og fornya det. Men den gongen gjorde vi ikkje noko med stolar og bord, så det gjer vi no, pluss at vi legg nytt teppe og skal ha opp nye gardiner, seier Alander.

I det såkalla Naustet, selskapslokalet som ligg vegg i vegg med restauranten, kjem det også ny tapet på veggane. Fornyinga har vore påtenkt ei stund, og no var det på tide å sette planane ut i livet.

Hotellet generelt har hatt ein god sommar og haust, fortel Alander.

– Vi er kanskje litt motstraums her i byen med tanke på hotelldrift. Trass dei vanskelege tidene har det gått ganske bra. Det heng sjølvsagt saman med at næringslivet går bra. Samstundes merkar vi veldig godt at det ikkje er trafikk på heliporten for tida, så vi håpar ikkje streiken der blir langvarig, seier han.

Halvert kapasitet

Dei nye stolane er ikkje berre gode å sitte i, som restaurantsjefen peikar på – dei er også lette å handtere. Det er kjekt for dei som gjer reint i restauranten og skal flytte på alle stolar minst ein gong dagleg. No ventar ein på at borda skal kome, og deretter gardinene.

– Men dei skal ikkje ta den flotte utsikta, lovar Alander og Kirkeeide.

Og det er det heller ingen grunn til, når utsikta er Florevika og den stadige aktiviteten av båtar fram og tilbake.

Når restauranten opnar igjen, er den julepynta og har julemat på menyen. For folk vil ut og ete, sjølv om det ikkje er i nærleiken av så mange som i eit vanleg år. I Bryggekanten er det til vanleg plass til rundt 90 gjester, medan ein vil kunne ha det halve no.

– Vi har ein del selskap. Førre helg hadde vi til dømes rundt femti personar, som er det vi har plass til i Haavebua no.

For medan Bryggekanten har fått si fornying, har restaurantgjestane vore viste til Haavebua. Ein ser vel ikkje heilt føre seg ei intim restaurantsetting i det dei fleste av oss er vane med å tenke på som konsertlokale, men Alander seier dei har fått gode tilbakemeldingar frå gjestane.

– Det er blitt ganske koseleg der, og gjestane set pris på at der er romsleg, slik at det er lett å halde avstand.

Også kjøkkensjef Kent Ole Strømsøy gler seg over fornyinga. Trass alt er det ramma rundt maten hans det dreiar seg om og den må det sjølvsagt vere kvalitet over.

– Eg trur det blir eit flott løft for oss!