6. mars er datoen og arenaen er storsalen i Førdehuset – rett nok med eit billettsal avgrensa til 200 billettar.
Mange har nok framleis lett tinnitus av den ekstremt kraftfulle røysta til Stjernekamp-vinnar Knut Marius Djupvik frå bygda Tomrefjord i Møre og Romsdal. Han song nyleg alle av bana og blei vinnar av NRK-konkurransen, der han slo ut den nordnorske gullstrupen Sandra Lyng i finalen.
No skal Djupvik turnere i lag med fullt band, som blant anna består av bassisten Jonny Sjo, best kjend frå bandet D'Sound.
I sekken når han kjem til Førdehuset har Djupvik både ny singel og video, til den norskspråklege låta «He du prøvd å elske», eit nytt grep frå artisten som fram til no berre har skrive låtar med engelske tekstar. Når han først tek steget over i morsmålet, gjer han det attpåtil med å synge på dialekta si.
Billettane blir lagt ut for sal 11. november, og det er Fjordane Musikkforum som står som arrangør av konserten.
Kommentarer til denne saken