Snart kjem dei første elektriske sjøflya til fylket

SATSAR ELEKTRISK: Flyselskapet Scandinavian Skies, som mellom anna er etablerte i Sogndal og Aurland, satsar no på å bli det fyrste norske flyselskapet med elektriske sjøfly.

SATSAR ELEKTRISK: Flyselskapet Scandinavian Skies, som mellom anna er etablerte i Sogndal og Aurland, satsar no på å bli det fyrste norske flyselskapet med elektriske sjøfly. Foto:

Av

– Me skal flyga utsleppsfritt i Fjord-Noreg, seier dagleg leiar i Scandinavian Skies, Daniel Boden, i ei pressemelding.

DEL

SOGN AVIS: Selskapet, som mellom anna opererer i Sogn, satsar som eit av dei fyrste flyselskapa i verda på elektriske fly, og kan bli det fyrste i Noreg som flyg passasjerar elektrisk, melder selskapet i ei pressemelding.

Turistar og nyttelast

Det norske sjøflyselskapet Scandinavian Skies, som vart etablert i 2016, fekk luft under vengjene då cruisetrafikken tok av og mange turister ville sjå Noreg frå lufta. I dag flyg selskapet med fire fly, har 20 piloter og fire i administrasjonen.

–Me flyg årleg meir enn 2.000 passasjerar og kan skreddersy turar i Noreg, seier kommersiell direktør Sven-Arild Wågsæther, og legg til at dei har ein variert kundemasse beståande av forretningsfolk, helsepersonell, myndigheiter, organisasjonar, foreiningar og statlege og private selskap.

– I tillegg flyg me nyttelast, jegrar og oppsynsmenn. I fjor henta me ut om lag 12.000 kilo kjøt og fisk frå Hardangervidda, og me flyg i prinsippet kor det måtte vera, seier Wågsæther.

UTSLEPPSFRITT: – Me skal flyga utsleppsfritt i Fjord-Noreg, seier dagleg leiar Daniel Boden i Scandinavian Skies.

UTSLEPPSFRITT: – Me skal flyga utsleppsfritt i Fjord-Noreg, seier dagleg leiar Daniel Boden i Scandinavian Skies. Foto:

Satsar på elfly

No fortel dagleg leiar Daniel Boden at dei i samarbeid med eit amerikansk selskap kan tilby elektriske sjøfly for persontransport i Noreg.

– Selskapets operasjon med 30–50 minuttars rundturar er ideell for elektriske fly, seier han.

Den fyrste testflyginga vart gjennomførd i Britisk Columbia i 2019, og Scandinavian Skies skriv i pressemeldinga at dei kjem til å nytta eksisterande flytypar der motor og driftssystem vert bytte ut med elektrisk.

Så sant prosessen med sertifisering går som planlagt, vil dei ha elflya i lufta frå 2023.

Etablert i Sogn

Scandinavian Skies har hovudbase i Bergen med sekundærbasar i Eidfjord, Sogndal, Aurland/Flåm og Ulvik, og arbeider no med å oppretta ein base i Haugesund. I tillegg har dei nyleg søkt konsesjon i Eidfjord.

– Ved tildeling av konsesjon vil dette skapa fleire arbeidsplassar i kvar og ein av dei kommunane me er tildelt konsesjon, meiner Boden, og legg til at dei har invitert fleire kommunar med på dette pilotprosjektet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken