Snart kan ulovleg laksefiske gje deg fem års fengsel

KONTROLL: Bildet blei tatt etter eit garnoppsyn i Senja i Troms. Frå venstre: Jon Ove Scheie og Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn (SNO).

KONTROLL: Bildet blei tatt etter eit garnoppsyn i Senja i Troms. Frå venstre: Jon Ove Scheie og Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn (SNO). Foto:

– Ulovleg fiske etter truga fiskebestandar er alvorleg miljøkriminalitet, slår klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) fast.

DEL

Regjeringa har lagt fram eit nytt lovforslag for Stortinget med endringar i lakse- og innlandsfisklova. Målet er å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Dei slår fast at nasjonen vår har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på anadrom laksefisk. Regjeringa har mellom anna føreslått å auke strafferamma frå to til fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lakse- og innlandsfisklova.

- Det ulovlege fisket gjer at talet på gytefisk i vassdraga minkar, og dette kan ha svært negativ effekt, særleg der det ulovlege fisket skjer på sårbare og truga bestandar. Det er viktig at reglane for laksefiske blir følgde, og dette er grunnen til at vi no styrkjer moglegheitene for å handheve lova, seier Rotevatn.

Vidare blir det føreslått ein heimel til å gje administrative gebyr, samt ein heimel til å gjere administrative beslag i fiskereiskap. Det blir òg foreslått ei utviding av høve til å foreta administrativ inndraging til å gjelde meir enn reiskap av liten verdi, og ei utviding av høve til å mellombels nekte registrering av reiskap. Lakse- og innlandsfisklova har som mål at anadrom laksefisk vert forvalta slik at mangfald og produktivitet blir bevart.

I tillegg har regjeringa i år auka budsjettet til Statens naturoppsyn (SNO) for 2020 med 5 millionar kroner til arbeidet mot ulovleg fiske av laksefisk. Dette inneber ein varig, auka innsats i lakseoppsynet.


Artikkeltags