Nekst sitt konsept handlar om betre laksevelferd. For å unngå problemet med lakselus er ideen at merden skal kunne senkast djupare i sjøen der det ikkje er lakselus. Når merden er i nedsenka tilstand er det avgjerande at dei kan overvake fisken, og hente inn data om til dømes biomasse og vekst.

No skriv iLaks.no at selskapet har valt lokaliteten der den første «Havliljen» skal utplasserast: Saltskor, aust i Lågøyfjorden i Solund kommune.

Nekst er tildelt to konsesjonar, totalt 1560 tonn, og vil søke samarbeid med andre oppdrettarar i området for å drifte lokaliteten. Dei ser det som heilt avgjerande at det blir etablert eit samarbeid med lokal oppdrettar for feller bruk av båtar, mannskap og fôrflåte.

Dei har no inngått eit samarbeid med Firda Sjøfarmer, som er eigd av Firda Seafood Group.

Det er gründerane Martin Ramsdal og Audun Aasen som eig Nekst, saman med Rofisk AS og Kapsel AS.