I tidlegare tider var det heilt naturleg for ein fyrvaktar å ta med familien til fyret. Her vaks barn opp med havet og vêret tett på. No kjem det ein tv-serie der folk som voks opp på fyr, fortel korleis det var.

Regissør og produsent Tor Segelcke har laga serien, som etter planen blir vist på NRK frå slutten av juni, skriv Norsk fyrhistorisk forening. Seinare blir serien tilgjengeleg på NRKTV.

Det første programmet handlar om personar som har vakse opp på Lindesnes fyr. Kråkenes fyr i Kinn kommune er med i del to, saman med Skomvær på Røst. I tredje program handlar det om Svenner fyr i Larvik og Tranøy fyr i Hamarøy kommune. Til slutt kjem vi tett på folk som har vakse opp på Utvær i Solund og Torungen fyr i Arendal.

(©NPK)