I år som i fjor vil Firdaposten køyre med redusert frekvens for papiravisa i åtte sommarveker, i vekene 25 til og med 32 .

I desse vekene blir det papiravis på onsdagar. Siste fredagsavis før sommarferien kjem fredag 17. juni. Første fredagsavis etter sommarferien blir fredag 19. august. Endringa, og datoane for desse, vil også bli annonsert i papirutgåvene til avisa.

– Vi har framleis ein del abonnentar som berre les Firdaposten på papir. Dei skal vi yte service til. Samtidig har vi hatt ein sterk auke av godt vaksne lesarar som har teke i bruk dei digitale tilboda våre, både på pc og på mobil. Særleg gjennom pandemien såg vi ei stor endring i lesevanane, då behovet for løpande informasjon var som høgast, seier redaktør Svend Arne Vee.

Få reaksjonar i fjor

Papirutgåva av Firdaposten er viktig for mange, også for avisa sitt totale tilbod, og produksjonen vår på papir i løpet av ei veke vil bli om lag like stor som i dag – men kome til postkassa di ein gong i veka i staden for to.

– Forventar du at mange vil klage på dette?

– Nei, eigentleg ikkje, og eg håpar sjølvsagt ikkje det. Då vi gjennomførte frekvensreduksjon første gongen i fjor sommar, hadde vi tenkt på det ei stund. Og heldigvis var det svært få negative reaksjonar då vi gjennomførte det. Tvert om var inntrykket at dette var noko lesarane hadde forståing for. Vi lever i ei tid der folk sitt informasjon er høgt og lesarane vil ha nyheiter raskt og fortløpande. No har vi bemanna redaksjon frå i sekstida om morgonen og ut i dei seine kveldstimane. Når vi har ein redaksjon på sju personar, må vi flytte på arbeidskrafta dit lesarane er – og det er i stor grad på nettet. Og så skal jo journalistar også ha litt ferie, seier redaktøren.

At abonnentane endrar vanane sine raskare enn før, har det siste året også gitt fleire døme på. Ikkje minst gjeld det levande bilde.

– Tips oss!

– Vi har satsa meir på video enn tidlegare. Det tok litt tid, men plutseleg såg vi at brukarane våre byrja å sjå lokale videonyheiter like hyppig som dei las vanlege saker. Vi er i ei konstant endring, og det er i det bildet vi må sjå frekvensreduksjon på papiret om sommaren også. Vi må flytte ressursane i takt med lesarane våre, seier han, og nyttar samtidig høvet til å utfordre lesarane litt:

– I fjor sommar bad vi lesarane om å tipse oss om store og små saker dei meinte kunne vere kjekt for andre å lese om i sommaravisene. Responsen var svært god, og det kom mange fine saker ut av det, så eg håpar lesarane våre gjer det same denne sommaren, avsluttar han.