Snart finale for Draumeplassen

NATURMØTEPLASS: Ivar Varpe og dugnadsgjengen i Dalen er snart klar med den flotte naturmøteplassen i bygda.

NATURMØTEPLASS: Ivar Varpe og dugnadsgjengen i Dalen er snart klar med den flotte naturmøteplassen i bygda. Foto:

DALEN: Neste veke skal gapahuken på den nye naturmøteplassen i Dalen reisast på dugnad.

DEL

Dalen Grendelag i Bremanger var i fjor ein av fem vinnarar i utdelinga av 100.000 kroner til å skape ein Draumeplass. Det er 4H, med støtte frå Gjensidigestiftinga, som deler ut pengane. Målet er at det skal etablerast fleire lett tilgjengelege naturmøteplassar som igjen er med på å betre folkehelsa og spreie glede over naturen.

– VI støyper såle til gapahuken denne veka og reknar med å montere gapahuken den 8. mai, stadfestar prosjektleiar Ivar Varpe i grendelaget.

Per Arild Frøyen har nyleg avslutta ein god jobb med å planere og stelle til området bak det gamle skulehuset Dalheim. Grendelaget kjøpte huset tilbake frå Den Indre Sjømannsmisjonen i 2015. Då følgde tomta bak på nesten to mål med.

Har starta å bygge Naturmøteplassen

Dalheim ligg ved Varsneset i Dalen. Her ser vi då området var under utvikling bak grendehuset.

Dalheim ligg ved Varsneset i Dalen. Her ser vi då området var under utvikling bak grendehuset. Foto:

Artikkeltags