Det har ikkje kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø Rolf Bjarne Sund fått med seg, men svar har han.

Snart anbod ute

– Der har pågått ein prosess som vi held på å fullføre no. Vi håpar å få ut anbodet i løpet av ein månad, halvannan, så vi kjem i gang med byggearbeida.

I august 2019 fekk Bistro To Kokker fram til nyttår på seg til å flytte ut frå lokala dei har leigd på Florø kulturhus sidan 1991. Dåverande rådmann Knut Broberg opplyste at dette skjedde på bakgrunn av dei økonomiske vilkåra i leigeforholdet, og ut frå konkurranselovgjevinga, der det går fram at dersom private driv næringsverksemd i eit kommunalt bygg, skal dette lysast ut på anbod. Øystein Berge i Bistroen fortalde at dei hadde drive dei fem siste åra utan leigekontrakt, nettopp fordi dåverande Flora kommune ønskte å legge ut drifta på anbod. Det skjedde aldri, og Broberg opplyste at dette mellom anna handla om at innkjøpsavdelinga i kommunen hadde begrensa kapasitet.

Etter at saka var oppe i eit lukka formannskapsmøte, ende det med at Bistro To Kokkar fekk ein ny sjanse.

Men i fjor sommar melde Berge at dei ikkje ville halde fram med kioskdrift på kulturhuset. Då var det klart at leigeavtalen for kjøkkenet pluss servering ved ulike arrangement skulle halde fram, men altså ikkje kafeen.

– I samband med ny leigeavtale kjem vi til å leige mindre areal enn tidlegare. Det er ikkje rekningssvarande for oss å drive kafeen og å ha folk på jobb for å selje forfriskningar til kinopublikum. Det taper vi pengar på, slo Berge fast.

Lang tid

Sund opplyser at kommunestyret si bestilling gjekk ut på å gi huset ein kinokiosk.

– Då skal vi finne ein annan måte og samhandle kioskdrift, kino- og kulturaktivitetar enn i dag. Nyare kulturhus i dag har den type samhandling og sambruksløysingar. Akkurat løysinga vil eg ikkje seie noko om før anbodspapira kjem ut. Men vi skal ha ei moderne og tidsriktig løysing der vi set kulturhuset i fokus.

Sund seier at ei slik sambruksløysing skal kommunen drive sjølv.

– Det har vi tenkt, svarar Sund, men strekar under at ikkje alle løysingar er på plass enno.

– Vi har hatt ei ganske lang runde på korleis løyse dette, for vi må vere sikre på at vi gjer dei rette grepa. Det vil eg fortelje vesentleg meir om når vi har landa desse prosessane, lovar han og forsikrar om at det no går framover med prosjektet:

– Vi har brukt litt tid, men no er det god framdrift.