Gå til sidens hovedinnhold

– Snakk med bestemor om branntryggleik

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Visste du at eldre er mykje meir utsette for å døy i brann? Torsdag 1. oktober er det FNs eldredag. Bruk høvet til å ta ein prat om branntryggleik med bestemor eller bestefar. Høyrer mor di, eller bestemor di, røykvarslaren som pip i rommet ved sidan av? Kva med bestefar: Kjem han seg ut i ein naudsituasjon viss han ikkje kan bruke utgangsdøra?

Nedsett hørsel og dårleg mobilitet kjem med alderen. Det gjer eldre menneske særleg utsette ved ein brann. Faktisk har personar over 70 år fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann samanlikna med resten av befolkninga.

FNs eldredag 1. oktober er ein fin anledning for pårørande og andre til ein prat med ein eldre slektning eller bekjent om branntryggleik. Prat om kva brannfeller som finst i heimen, kva som kan gjerast for å betre brannsikkerheita og kva ein skal gjere viss uhellet er ute.

Komfyren er den desidert største årsaka til boligbrann. Det er fort gjort å gløyme eller sovne frå ein kjele på kokeplata. Snakk gjerne om kor viktig det er å vere til stades når ein lagar mat.

Andre tips til kva de kan snakke om er: Trygg bruk av elektriske produkt, varsling og rømmingsvegar, slokking av brann og levande lys og røyking.

Som pårørande eller nabo kan du sjekke at røykvarslar og brannsløkkjar er på plass og fungerer. Du kan installere ein komfyrvakt som gjer at komfyren slår seg av når det oppstår farlege situasjonar. Du kan reingjere filteret i kjøkenvifta over komfyren. Og du kan passe på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand frå panelomnar.

Les meir på sikkerhverdag.no

Kommentarer til denne saken