Smittetiltaka gav stort hopp for norsk heimeoppussing

Vi pusser opp som aldri før.
Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix

Vi pusser opp som aldri før. Foto: Aleksander Andersen / NTB scanpix Foto:

Av

Nordmenn har snikra og pussa opp heftig under koronaperioden. Byggjevarebransjen har fått eit salshopp på over 20 prosent i årets første fire månader.

DEL

Byggjevarehandelen fekk òg vekst i proffmarknaden. Her vart auken på 3,6 prosent samanlikna med dei fire første månadene i fjor.

– Byggjevarehusa har hatt eit stort oppsving i salet til privatkundar, seier direktør Aslaug Koksvik i hovudorganisasjonen Virke byggevarehandel.

Ho legg til at den store veksten i byggjevarehandelen har vorte sterkt påverka av koronaviruset og smitteverntiltaka frå styresmaktene. Over heile landet har det vore ein oppgang, men aller mest vart det handla i byggjevarebransjen i Vestfold og Telemark og Agder.

Trass i framgangen seier Virke byggevarehandel at dei er uroa for tida framover på grunn av tilbakeslaget i norsk økonomi, svekkinga av bustadmarknaden og tørken i igangsetjinga av nye bustader.

©NPK

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken