Smittevernoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, har assistert helsetenesta i Bremanger med koronahandteringa gjennom pandemien. Han kan rapportere at smittetala for Bremanger er om lag på linje med Kinn sine tal per no.

I løpet av dei 14 siste dagane er det 13 nye smittetilfelle i Bremanger. Måndag kom det sju nye. Per i dag er det 42 personar med korona i kommunen.

Innreise og i familiar med smitte frå før

– Det er enkelttilfelle knytt til reise og innreise ifrå utlandet, så er det smitte innanfor familiar vi ser, seier Dale.

Sviktande testing på grensa, og lang svartid då det er stort trykk i helseføretaka for å gjennomføre PCR-testar, gjer at smitten festar seg. Gruva på Dyrstad har nyleg hatt slik problematikk, men Dale meiner dei har hand om denne smittesituasjonen.

– Smitten har avgrensa seg til dette miljøet, noko som viser småsamfunn si robustheit. Her er det rett og slett ingen T-bane å ta og førre kafébord å sitte rundt der smitten fort får tak.

Han fortel at smitte med dei nye variantane, då tenker han ikkje på omikron-varianten, gjer til at ein større del av dei som er i husstandar med smitte, blir smitta sjølve.

– Spesielt i dei heimane der det er born blir ein fortare smitta. Det gjeld også dei som er vaksinerte. Men det gledelege oppe i dette er at det er få som blir sjuke, seier han.

Smittar også blant vaksinerte

For smitte blant vaksinerte og smitte utan at den smitta har symptom, gjer at smittebildet blir komplekst og vanskeleg å halde styr på. Dette fører til at smittevernteama ute i kommunane har utfordringar. Men då færre blir sjuke gir det eit frampeik mot ein situasjon der korona blir ein sjukdom ein vil leve med.

– Når det gjeld handtering av koronaviruset er vi tilbake til dei grunnleggande reglane som handlar om avstand og færrast mogleg kontaktar, påpeikar Dale.

Det viser seg at den smitten som er påvist i skule og barnehagar er av mindre omfang. Det er ikkje heile skuleklassar, som ein frykta i starten på pandemien. Mesteparten av smitten kjem i familiar som allereie er isolerte.