Scanergy bygger Kupe kraftverk etter sju år på vent

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

No er det bestemt: Scanergy går i gang med å bygge Kupe kraftverk i Flora.

Prosjektet fekk konsesjon i 2009, men blei stoppa som følge av manglande kapasitet i sentralnettet. Dei måtte vente på 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal.

- Vi er tilfreds med at vi endeleg er komne i gang med prosjektet. Vi er etter kvart godt trente i å utvise ekstremt tolmod når det gjeld småkraft. Det er på dagen sju år sidan Statnett gjorde vedtak, seier ein smilande administrerande direktør i Scanergy AS, Tor Arne Pedersen.

Anleggsarbeidet skal utførast av Brødrene Dahl Vasskraft og elektromekanisk utstyr blir levert av Energi Teknikk AS.

Scanergy har valt ei løysning der Brødrene Dahl Vasskraft er totalleverandør av kraftverket. Kupe kraftverk skal settast i kommersiell drift 1. april 2017.

– Vi har valt ei slik løysning for å frigi eigne ressursar til andre prosjekt der vi jobbar med detaljplanar og ser for oss ei snarleg utbygging, seier Pedersen.

Kupe kraftverk har ein installert effekt på 3,2 MW som vil gi årleg middelproduksjon på 10,6 GWh, nok til å dekke strømbehovet til 530 bustader. Prosjektet har ein investeringskostnad i underkant av 40 millionar kroner.

Artikkeltags