Halv tre natt til søndag small det kraftig ved badeanlegget Havhesten.

Ein bil kom køyrande austover i Firdavegen frå Florø sentrum og krasja, utan at andre bilar skal ha vore involvert. Det var naboar som høyrde smellen som kontakta politiet.

Ifølgje avisa Firda skal føraren av bilen vere ein mann i 20-åra, og han blei funnen i baksetet av bilen då politi og beredskapspersonell kom til staden.

Ifølgje politiet er det snakk om store materielle skadar på bilen som har utanlandsk registreringsskilt, og sjåføren var medviten då han blei frakta til Førde Sentralsjukehus i ambulanse.

Politiet skriv også at det vil bli teke blodprøver av bilføraren.