Ved 22-tida søndag melde Vest politidistrikt om ei bilulykke på fylkesveg 617.
Mellom Raudeberg og Måløy hadde ein ung bilist mista kontrollen over bilen sin, og køyrd rett i autovernet.
Det var store skadar på bilen, som ei tid sperra trafikken i eine køyrefeltet, men det gjekk rimeleg bra med sjåføren.
Ifølgje politiet valde ambulansepersonellet å ta bilisten, ein mann i 20-åra, med til sjukehus på Nordfjordeid for sjekk.