Frå 1. januar 2022 kan ikkje norske fiskarar lenger bunkre drivstoff i utlandet og samstundes ta del i CO2-kompensasjonsordninga for fiskefartøy.

– Vi får ikkje ein grønare fiskeflåte ved å påskjønne norske fiskarar for å bunkre i utlandet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i e i pressemelding.

– Regjeringa vil sikre ordningar som legg til rette for grøn omstilling av fiskeflåten, og vi har varsla at vi vil vidareføre kompensasjonsordninga for CO2-avgifta i fiskeflåten. Når ordninga no blir vidareført, er det naturleg å utbetre svakheiter ved ordninga og sjå korleis ho kan bli meir rettferdig, seier han.

CO2-kompensasjonsordninga har vore ei mellombels ordning, som skulle trappast ned og avviklast over 5 år. No ønskjer regjeringa å halde fram med og styrke ordninga, men ho skal frå 2022 altså berre gjelde for bunkring av drivstoff i Noreg.

Endringa vil ikkje gjelde for bunkringar gjennomførte i 2021. Kompensasjonen for desse bunkringane vil bli utbetalte våren 2022 i samsvar med slik reglane har vore i 2021.

For 2022 er det løyvd 255 millionar kroner til CO2-kompensasjonsordninga. Ordninga er ikkje knytt til forbrukt drivstoff, men basert på omsetningsverdien på første hand og avgrensa til verdien som stammar frå fangst teke i nære farvatn.

(©NPK)