FIRDA: Klokka 01.30 natt til søndag rykte ein patrulje ut til Sunnfjord hotell i Førde.
– Ein mann nekta å forlate staden og hadde slått til ein vektar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.
Situasjonen gjorde at politiet vart kalla ut, men då dei kom fram hadde mannen roa seg, seier Knappen. Det enda med at vedkomande vart vist bort frå staden og fekk pålegg om å halde seg unna til søndag morgon.
– Vektaren vart ikkje skadd, og han ønskte ikkje å melde forholdet.
Amper stemning i taxikø
Like bortanfor hotellet laga ein annan person amper stemning i køen ved taxisentralen i Førde.
Knappen seier patruljen som kom til staden tok vedkomande med seg inn i bilen.
– Dei tok ein alvorsprat med han, og så køyrde dei han heim.
To bortvisingar
Laurdag trakk bandet CC Cowboys folk til Svelgen i Bremanger kommune. Men for éin deltakar fekk kvelden ein tidleg slutt.
– Under konserten vart ein person avvist av vakter på staden, då han var full og oppfarande.
Knappen seier politiet vurderte vedkomande som i stand til å ta vare på seg sjølv, så dei gav han pålegg om å forlate staden så lenge arrangementet heldt på.
I Florø vart ein annan person vist vekk frå sentrum etter å ha laga bråk inne på og utanfor ein utestad i sentrum.
– Situasjonen løyste seg greitt, og patruljen gav vedkomande pålegg om å halde seg vekke fram til søndag morgon.