Gå til sidens hovedinnhold

Slo full alarm etter motorhavari ved Stad

Redningsskøyter, redningshelikopter og det meste av beredskapsaktørar sette full fart mot Stad søndag morgon.

Klokka halv sju søndag morgon fekk Hovudredningssentralen Sør-Norge melding om at ein norsk fraktebåt hadde mista framdrifta ved Stad.

Det bles sterk pålandsvind i området, og både redningsskøyter, eit redningshelikopter og naudetatar blei kalla ut og sette kurs mot frakteskipet, melde HRS Sør-Norge via twitter.

Litt seinare melde fartøyet, som ifølgje VG skal vere eit norskregistrert fraktefartøy med eit mannskap på ni, at dei hadde fått maskinene sine i gang att og ville klare seg på eigahand.

Hovudredningssentralen avblåste aksjonen klokka 07.00.

Kommentarer til denne saken