Slik ser det ut på Svarthumle no - ver obs på glatte vegar

Tysdag morgon held det kalde vêret fram, og det både snør og haglar på kysten. Det er mykje snø både i Grytadalen på veg mot Magnhildskartunnelen, og i Svarthumle-området på veg mot Naustdalstunnelen.

DEL

Folk som er på vegen mellom Florø og Førde i dag melder om 10-12 cm snø langs vegane, og om snø i vegbana. I Grytadalen, på veg mot Magnhildskartunnelen, er det også store mengder snø.

– Det er framleis meldt om enkelte glatte vegar i Vestland og på fjellovergangar. Ytterst viktig at bilistar avpassar farten etter forholda. Over fjellene er det kun vinterdekk som gjeld, skriv Statens vegvesen på Twitter.

Politistasjonssjef Wenke Hope seier til Firdaposten at dei ikkje har fått meldingar om bilar som har hatt problem på vegane, men ho oppfordrar folk til å ta det roleg – og om du skal køyre på vinterføre, må du legge om til vinterdekk.

Slik ser det ut i Grytadalen tysdag morgon:

Statens vegvesen sitt webkamera i Grytadalen tysdag føremiddag like før klokka 10.

Statens vegvesen sitt webkamera i Grytadalen tysdag føremiddag like før klokka 10. Foto:

Artikkeltags