Slik ser det ut på Svarthumle - køyr forsiktig!

Det er vanskelege køyreforhold både i Grytadalen og på Svarthumle laurdag morgon.

DEL

På Statens vegvesen sine webkamera både i Grytadalen og på Svarthumle ser ein at det er vinterføre begge stadane, med store mengder snø og slaps i vegbana.

Vegtrafikksentralen seier til NRK at dei ikkje har fått meldingar om vanskelege køyreforhold andre stader i låglandet i Vestland fylke, men ber uansett folk om å køyre forsiktig.

Mai månad har så langt vore prega av fleire rundar med snø, hagl og sludd.

Politistasjonssjef i Florø Wenke Hope sa til Firdaposten i førre veke at ho oppfordra folk om å køyre forsiktig, og skifte til vinterdekk om ein skulle køyre på vinterføre.

Slik ser det ut i Grytadalen, ved Magnhildskartunnelen:

Artikkeltags