Gå til sidens hovedinnhold

Slik såg det ut då Dan og Linda såg ut hotellvindauget på Tenerife søndag

Artikkelen er over 1 år gammel

TENERIFE: På heimreisedagen vakna familien Solberg frå Florø til sandstorm.

For abonnentar

– Vi kom ned førre søndag, og har hatt ei fantastisk veke med strålande vêr her på Tenerife. Men natt til i søndag, dagen då vi eigentleg skulle reise heim att til Florø, blåste det opp til sandstorm. Då losna det takstein, og palmegreier blei tekne med vinden. Og då vi såg ut vindauget, var det så vidt vi såg hotellet på andre sida av gata på grunn av all sanden.

Det seier Dan Solberg. Han og kona Linda, og barna Sara (19), Sebastian (15) og Sondre (17) hamna midt i sandstormen, eller calimaen som dei årlege sandstormane på Kanariøyene blir kalla, som har sett all flytrafikk til og frå øygruppa på bakken inntil vidare.

Måndag er sandskyen vekke, vinden er mykje rolegare, men det er ein del opprydding som står att før alt er som det bruker vere i ferieparadiset.

– Det er sand over alt. Heile veka har vi vore så imponerte over dei på hotellet, som har halde det så reint og som har både kosta og spyla og luka bed – og no ser det ut som ei krigssone. Men sanden er også inne i husa, det er så fint støv at den kjem inn gjennom ventilar og dørsprekker, og det er så fint støv at det knapt landar. Det er nesten som skodde, så fint er det. Så når vi åt middag i går kjende vi det knasa i munnen, seier Solberg.

(Artikkelen held fram under bildet).


Men han legg til at dei ikkje har lidd noko naud.

– Apollo sende oss ganske tidleg beskjed om at vi berre måtte halde oss på hotellet søndag, og dei skulle gje oss beskjed når vi kunne reise heim att. Så vi er godt informert. Det er også kjekke folk som jobbar her på hotellet, og god mat lagar dei også, så vi lir ikkje noko naud akkurat, seier Dan.

Han reknar med at dei kjem seg heim i løpet av kort tid, i og med at vêret er mykje betre no.

– Men det er usikkert om eg når heim til treninga i kveld, humrar Solberg, som også er hovudtrenar for Florø Volleyball.

Les også

Rolf-Arne er ein av nesten 1500 passasjerar som ikkje kjem seg heim etter vinterferien på grunn av sandstorm på Kanariøyene

Calima

Calima er namnet på eit vêrfenomen som påverkar Kanariøyene fleire gonger for året. I snitt er det 20 små eller store calimaer som råkar øyene kvart år.

Varm vind frå Nord-Afrika tek med seg sand vestover, over Kanariøyene. Den kan også føre til høge temperaturar.

Kommentarer til denne saken