Det har blitt avlagt 4.665 godkjente førehandsstemmer i Kinn frå 2. til og med 30. august.

2.411, eller 51,7 prosent, av dei som har førehandsstemt har stemt for å dele opp kommunen. 2.182, eller 46,8 prosent, har stemt for å halde kommunen samla. 72 personar, 1,5 prosent, har stemt blankt

Skilnad mellom nord- og sør-Kinn

I nordre del har 2021 personar avlagt godkjent førehandsstemme. 1.245 av desse, eller 61,6 prosent, har stemt for å dele opp Kinn. 750 personar, 37,1 prosent, har stemt for å halde kommunen samla, medan 26 personar (1,29 prosent) har stemt blankt..

I søndre del har 2.620 personar avlagt godkjent førehandsstemme. 1.161 personar eller 44,3 prosent vil dele opp Kinn kommune. 1.415 personar, 54 prosent, vil halde på kommunen, medan 44 personar (1,68 prosent) har stemt blankt.

Så mange har førehandsstemt

Frå 2. august til 30. august var det førehandsrøysting om ei eventuell deling av Kinn kommune, og mange har allereie brukt stemmeretten sin.

Dette er tala basert på

I Måløy er det totalt 4.176 røysteføre. Av desse har totalt 2.027 førehandsrøysta. Dette utgjer 48,4 prosent av dei som har røysterett i Måløy-området.

I Florø-delen er det totalt 9.149 røysteføre. Av desse har totalt 2.629 førehandsrøysta. Dette utgjer 28,74 prosent av dei som har røysterett i Florø-området.