Det var torsdag morgon ho oppdaga det. Nokon hadde sett at det hadde skjedd noko med bilen som ho låner av faren sin, og ho drog ned på torget for å sjå kva det var. Då ho såg bilen fekk ho sjokk.

– Fant bilen til pappa som eg disponera slik på torget her i Florø i dag, skriv Emilie på Facebook-sida «du veit du er frå Florø når …»

Lukta slepp ikkje taket

Bilen er tilgrisa med ei ulekker blanding av mellom anna egg, smoothie frå Mix, mjøl, salsa, og sennep, og som det går fram av bilda: Det er mykje svineri som har hamna på bilen. Det var ikkje akkurat gjort i ei handvending å vaske den rein igjen.

– Faren min var nede på brannstasjonen, og har vaska den i om lag 5 timar i dag med mykje forskjellig. Men lukta av egg og andre ting heng framleis igjen. Så det er mogleg at den må gjennom nokre rundar til med såpe og vatn. Så mykje unødvendig arbeid. Om berre folk kunne oppført seg, sukkar Emilie.


Bilen var såpass skitna til at ho meiner det er langt over grensa for uskuldige pøbelstrekar. Dette er hærverk. Difor tok ho kontakt med politiet umiddelbart, men politiet kunne ikkje kome på det tidspunktet.

– Vi ringde då vi var på staden, men då hadde dei ikkje anledning til å komme. Så vi tok den med på brannstasjonen der min far jobbar og spylte over lett slik at eg kunne komme meg til skulen. Men vi tok bilde som vi har sendt inn og dei lova at dei skulle sjekke opp saka., seier Emilie.

Kontakt politiet

Å få tak i dei skuldige utan vitner eller bevis blir vanskeleg. Emilie ber difor dei som måtte vite noko om kven som står bak tilgrisinga om å ta kontakt med henne eller politiet.

Emilie vil ikkje spekulere i kven som står bak, men ho frikjenner dei som det kanskje ville vere mest naturleg å mistenke.

– Eg er sjølv russ i år, så eg veit at det ikkje er nokon av dei som står bak, forsikrar ho.

Har du tips i saka kan du ringe politiet i Florø på telefonnummer 57 75 88 23.