Regjeringa har fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19 frå og med 12. februar klokka 10.00, men dei har råd til befolkninga. Dette er anbefalingane som gjeld frå 12. februar:

Generelle råd til befolkninga

  • Praktiser god hand- og hostehygiene.
  • Følg koronavaksinasjonsprogrammet.
  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt. Det er ikkje lenger naudsynt å teste deg dersom du ikkje har symptom, sjølv om du har nærkontaktar som er smitta.
  • Hold deg heime ved nyoppståtte luftvegssymptom dersom du føler deg sjuk. Du bør bli heime til forma er god, og du har vore feberfri i 24 timar. Milde restsymptom som rennande nase, snørr, håsleik og noko hoste er greitt.
  • Ved positiv covid-test, hald deg heime i fire dagar frå symptomstart eller frå dagen for positiv test for dei utan symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt testing, men tilrådast å halde seg heime dersom de er sjuke. Dei kan gå på skule og barnehage når dei har vore feberfrie i 24 timar.
  • Ta kontakt med legen din dersom du er uroa for eigen helse eller for barnet ditt.

Råd til risikogrupper og uvaksinerte:

  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsgang og uvaksinerte vaksne må sjølv vurdere risiko for smitte og egen risiko for alvorleg sjukdomsgang av covid-19 mot behovet for kontakt med andre.
  • Det å halde seg unna store samlingar, eventuelt bruke munnbind kan vurderast i periodar med mykje smitte. Det er likevel viktig ikkje å isolere seg og fortsette med noko sosial kontakt.
  • Personar i risikogruppene er stort sett godt beskytta mot alvorleg sjukdom dersom dei følger råd om å vaksinere seg, slik at dei kan leve som andre og følge de same smittevernråda som andre.
  • Personar med høg risiko for alvorleg sjukdom tilrådast å rådføre seg med eigen lege om risiko og behovet av skjerming i periodar med mykje smitte. Les meir om risikogrupper på FHI sine nettsider.

Avstand og sosial kontakt:

  • Hold avstand til andre dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom; spesielt til personar i risikogrupper.
  • Ved fødsel og alvorleg sjukdom, bør sjukehus og kommunale institusjonar legge til rette for besøk, også for pårørande og ledsagarar som har testa positivt for koronaviruset.

Kilde: Regjeringa.no