Vermeldingane dei komande døgna er ikkje godt nytt for andre enn dei som skal vatne klippfisk. Den hobbyen kan du trygt bedrive utomhus frå måndag føremiddag og heilt til onsdag kveld, utan å bekymre deg for å skifte vatn.
For no skal det hølje ned.
Regn i store mengder er på veg inn mot oss måndag morgon på vestlandskysten, spår meteorologane. Og med bein sørleg retning opp mot 20 sekundmeter i kasta, har vi eit par trasige døgn framfor oss.
Temperaturane er kanskje det einaste å gle seg over. Dei skal heilt opp mot åtte plussgrader på dagtid. Først onsdag kveld, når vinden dreiar rundt, først via vestavind og så over på nord, blir det veromslag.
Så når du vaknar torsdag til lettskya, sol og eit nordadrag, kan du puste ut og i kjend stil gløyme elendet frå dagane før.
Trudde du, ja.
Fredag er det nemleg ut på galeien igjen, med sønnaver og store nedbørsmengder att. Men også denne nedbøren er varsla som regn, og regnet vil kome av og på gjennom heile komande helg.