Gå til sidens hovedinnhold

Slik blir tiårsdagen markert for 22. juli, nasjonalt og lokalt

Kyrkjeklokkene vil kime i takt over heile landet, og kongen skal tale i Oslo Spektrum når det torsdag blir markert at det er ti år sidan terrorangrepa.

Kvart år blir 22. juli markert, mellom anna i regjeringskvartalet og på Utøya, ofte med eit nokolunde tilsvarande program frå år til år.

Men i år er det ti år sidan terrorangrepa, og markeringane skil seg derfor litt ut frå dei førre.

Tidlegare har det til dømes ikkje vore vanleg at medlemmer av kongefamilien er til stades på dei ulike markeringane.

I år blir likevel kongefamilien representert på alle hovudarrangementa på tiårsdagen.

Kyrkjeklokker over heile landet

Sjølv om bygginga av det nye regjeringskvartalet er i full sving, er det framleis sperra av eit lite område rundt det nasjonale minnesmerket ved Høyblokka. Der vil det også i år bli halde ein seremoni med namneopplesing og nedlegging av blomsterkransar.

Etterpå blir det gudsteneste i Oslo domkyrkje. Nato-leiar Jens Stoltenberg, som var statsminister då terrorangrepa skjedde, skal halde tale i kyrkja. Også kongen og dronninga skal vere til stades.

I etterkant av gudstenesta vil alle kyrkjeklokkene i landet kime i takt klokka 12.

Seinare blir det ein seremoni på Utøya, denne gongen med fleire talar frå overlevande og etterlatne enn det som er vanleg. Kronprinsparet er til stades på begge markeringane, og kronprins Haakon held tale på Utøya.

I etterkant av Utøya-markeringa inviterer Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV) og byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) dei ramma til ei mottaking i Oslo Rådhus.

Klokka 19 vil rådhusklokkene slå 77 slag, eitt for kvart av offera. Samtidig vil alle bussar, trikkar og T-banar i Oslo stanse.

Kongen taler til dei ramma

Vel ein månad etter terrorangrepa for ti år sidan vart det arrangert ein stor nasjonal minneseremoni i Oslo Spektrum, kanskje mest kjent var kong Haralds tale til dei ramma.

– Som far, bestefar og ektefelle kan eg berre ane noko av smerta deira. Som kongen i landet kjenner eg med kvar og ein av dykk, sa ein tydeleg prega konge den gong.

I samband med tiårsmarkeringa vil det bli halde ein tilsvarande nasjonal minneseremoni i same arena torsdag kveld. Også no vil kongen halde tale til dei ramma, medan talarlista òg inkluderer statsminister Erna Solberg (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Highasakite, Dagny, Odd Nordstoga, Tuva Syvertsen og Åge Aleksandersen er blant dei mange artistane som skal opptre. Markeringa, som blir leia av NRKs programleiar Rima Iraki, vil bli direktesendt på NRK1 torsdag kveld.

Löfven deltek på 22. juli-arrangement

Det blir i år òg halde ei rekkje arrangement både før og etter 22. juli.

15. juli opna utstillinga «10 år etter» på 22. juli-senteret i Oslo, der mellom anna publikum i stor grad blir invitert til å bidra til innhaldet i utstillinga.

Onsdag, dagen før tiårsdagen, tek Sveriges statsminister Stefan Löfven turen til Oslo for å delta på ei rekkje arrangement som skal haldast den dagen. Han blir med Støre til Utøya, der dei mellom anna skal leggje ned blomster.

Löfven blir òg med på eit arrangement i Universitets aula i Oslo seinare same dag. Der møtest først Nato-sjef Jens Stoltenberg og AUF-leiar Astrid W.E. Hoem til ein vitnesamtale. Den blir følgd av ein panelsamtale med mellom anna statsminister Solberg, Ap-leiar Støre og fleire.

Lokale markeringar

Alle landets kommunar har blitt oppmoda om å lage sine eigne arrangement for å markere dagen. I Kinn blir det arrangement både i Florø og i Måløy. I Bremanger blir det markering ved minnebautaen ved Bremanger kyrkje.

I Florø stiller ordførar Ola Teigen og leiar i Kinn AP, Solveig Willis, opp med appellar på Rådhusplassen. Dei får med seg ungdomsordførar Håkon Skram Heggen. Sanja Dukanac og Michi Barti Fiedczak står for dei kulturelle innslaga.

Arrangementet startar klokka 10.30, og skal halde på til klokka 11.00. Etter det tek alle saman båten til Måløy, der dei gjentar programmet på torget i Måløy klokka 13.30.

I Bremanger er det ordførar Anne Kristin Førde og prost Stian Heggedal som skal tale. Kulturelle innslag er ved Nora Klungresæter, Vilde Nesbakk, Jarle Grotle, Laila Beathe Førde og Ragnhild Hilde Eikeland.

Programmet startar ved Bremanger Kyrkje klokka 18.00, og er det dårleg vær flyttar dei arrangementet inn i kyrkja.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken