Slik blir skulestarten i Kinn: Skuleskyssen kan bli ein flaskehals

LOKALE TILPASSINGAR: Kvar enkelt skule må lage sin strategi for skuleopninga som skjer denne veka. Ein viktig faktor, som blir ei utfordring, er å sikre trygg skuleskyss som tek omsyn til smittevernsråda, seier kommunalsjef Ellen Jåvold i Kinn kommune. Her ser du Lasse og Vilhelm Midtbø som går på skulebussen i Strømsneskrysset i 2015.

LOKALE TILPASSINGAR: Kvar enkelt skule må lage sin strategi for skuleopninga som skjer denne veka. Ein viktig faktor, som blir ei utfordring, er å sikre trygg skuleskyss som tek omsyn til smittevernsråda, seier kommunalsjef Ellen Jåvold i Kinn kommune. Her ser du Lasse og Vilhelm Midtbø som går på skulebussen i Strømsneskrysset i 2015. Foto:

– I løpet av denne veka skal alle elevane få kome tilbake til skulen sin. Og det er vi veldig glade for!

DEL

Det seier kommualsjef for oppvekst og undervisning i Kinn, Ellen Jåvold.

Ho fortel at dei fleste skulane vil bruke måndagen til å organisere og planlegge for ein god og trygg start for elevane på 5.-10. trinn.

– For 1.-4.trinn går skulekvardagen som normalt slik det har gjort dei to siste vekene. Utdanningsdirektoratet har saman med Folkehelseinstituttet utarbeida rettleiarar for skulane der dei legg vekt på tre hovudtiltak for smittevern. Det eine er at sjuke elevar og vaksne ikkje skal vere på skulen, det andre er god hygiene og reinhald og det tredje er redusert kontakt mellom personar, seier Jåvold.

Ho peikar på at skulane i Kinn er ulike når det kjem til storleik og kapasitet, og nokre av skulane har behov for tilpassingar for å legge til rette for ei trygg og forsvarleg drift i tråd med anbefalte smitteverntiltak. Difor vil opplegget for elevane kunne variere noko frå skule til skule. Skulane vil sende ut informasjon og detaljerte planar for kor tid elevane på dei ulike trinna skal møte på skulen i tida som kjem.

– Vi har også fått informasjon frå Vestland fylkeskommune om at dei vil ha problem med skysskapasiteten på grunn av reglane om smittevern ved transport. Vi arbeider med å finne løysingar, men skysskapasiteten vil legge føringar på skuletida for elevane. Kvar einskild skule må tilpasse skuleopning og skuleveka etter sine føresetnadar og skyssbehov. Målet er sjølvsagt at alle skulane skal tilbake til ein tilnærma normal kvardag for alle, men det er viktig at skulane får gjere dette i sitt eige tempo og gjere dei tiltaka som er naudsynte for at alle skal vere trygge på at dette går bra, slår ho fast.

Den enkelte skule vil i løpet av måndagen sende ut informasjon og plan for vidare drift for sin skule.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken