På grunn av tidsnaud og ekstremt korte tidsfristar må jobben med å danne to nye kommunar starte allereie no. Kommunedirektøren er i startgropa med å rekruttere prosjektmedarbeidarar, etter at han i kommunestyret fekk fullmakt til å starte arbeidet med å førebu ein prosjektorganisasjon for deling og danning av to nye kommunar. Det blir krevjande framover, for både tilsette og politikarar. Her er datoane du som innbyggar må vite om:

10. juli – Informasjon

Innan 10. juli skal alle som har røysterett i Kinn kommune få tilsendt informasjon om den rådgjevande folkerøystinga.

Les også

Det går mot slutten no. Og det er kanskje like greitt

14. juli – Rapporten

Om litt over to veker skal rådgjevingsselskapet BDO sin rapport om konsekvensane ved deling av Kinn vere klar til offentleggjering, det såkalla kunnskapsgrunnlaget.

BDO har mellom anna intervjua tilsette, leiarar og næringslivsrepresentantar i Kinn kommune i arbeidet med rapporten, men dei ønskjer ikkje å uttale seg om arbeidet dei no held på med til media.

25. juli – Informasjonsarbeid

Vedtaket i kommunestyret seier at informasjonsmateriell om folkemøte, innbyggarhøyring, rådgjevande folkerøysting, kommunestyret si handsaming av delingsspørsmålet og kort utdrag av kunnskapsgrunnlaget (rapporten) vert utarbeidd og gjort tilgjengeleg for innbyggarane innan 25.07.

2. august – Førehandsrøysting

Frå 2. august kan du førehandsrøyste i folkerøystinga om deling av Kinn. Ein kan førehandsrøyste heilt fram til 30. august, og du kan røyste på servicetorga i Florø eller Måløy. Det einaste du treng er gyldig legitimasjon med bilde.

Det blir også lagt opp til førehandsrøysting på institusjonar, omsorgsbustader og skular, datoar og tidspunkt finn ein på Kinn kommune sine heimesider.

Laurdag 27. august blir det mogleg å røyste på kjøpesenter, enten på Amfi i Florø eller Måløy Stormarked / Måløy Brygge. Og i veke 34, torsdag 25. august, kjem røystebåten til øyane i Florø.

Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.

Førehandsrøystene blir talde opp 31. august.

15. august – Kommunestyremøte

Kinn kommunestyre skal ha møte i Florø, for å diskutere kunnskapsgrunnlaget frå BDO/Statsforvaltaren. Møtet er i Florø kulturhus, og er ope for alle. Det blir også strøyma. BDO skal vere til stades for å orientere om sin rapport.

1. september – Folkerøysting

Torsdag 1. september er sjølve dagen for folkerøystinga.

Innbyggarane med stemmerett skal kunne velje 1 av 3 røystesetlar i røystelokale: Røystesetel 1: Kinn kommune skal delast i to kommunar, Røystesetel 2: Kinn kommune skal halde fram som ein kommune, Røystesetel 3: Blank

Røysting skjer i dei 7 krinsane Florø, Eikefjord, Norddalsfjord, Stavang, Måløy, Skavøypoll og Raudeberg.

5. september – Statsforvaltaren

Innan 5. september skal Statsforvaltaren sende si utgreiing med tilråding til departementet. Eigentleg skulle kommunen ha gjort sitt endelege vedtak fem dagar før dette, men denne tidsfristen valde fleirtalet i kommunestyret å sjå vekk ifrå. Det betyr at Statsforvaltaren ikkje veit kva Kinn kommunestyre vil vedta før han sender si tilråding. (Sjå neste punkt.)

7. september – Vedtaket

Kommunestyret skal innan 7. september 2022 gjere vedtak om Kinn kommune skal fremje søknad om deling av kommunen etter inndelingslova §5, eller om Kinn kommune skal halde fram som i dag.

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik har slått fast at vedtaket må gjerast innan 1. september. Men etter at varaordførar Sidsel Kongsvik i kommunestyremøtet sa ho hadde snakka med ein statssekretær og fått munnleg lovnad om 7. september, gjekk fleirtalet med Høgre, Sp, MDG, SV og Raudt inn for å sette denne tidsfristen i staden. Det trass i at ordførar Ola Teigen (Ap) under møtet fekk stadfesta direkte frå ministeren at 1. september framleis var fristen for å rekke neste kommuneval og deling til 1/1-24. Les meir om den debatten her: Direkte frå Kinn kommunestyre

Det var Høgre, Sp, MDG, SV og Raudt sitt vedtak som fekk fleirtal i kommunestyret 16. juni, og det er desse partia som har slått fast tidsløpet framover.

Fellesframlegget frå Ap, Frp, KrF og Venstre vart nedstemt i kommunestyret. Dei ønska ikkje å vedta folkerøysting, røystedato eller andre slike detaljar før etter at BDO-rapporten var ferdig. Desse partia meiner at prosessen er uforsvarleg, slik det står i fellesframlegget;

«Kinn kommune ser at tidsfristane som KDD legg til grunn ikkje er tilfredsstillande med tanke på å vareta ein forsvarleg prosess i spørsmålet om eventuell kommunedeling. Det er avgjerande at så viktige spørsmål som kommunedeling har legitimitet og involverer innbyggarane på ein trygg og god måte. Tidsplanen med endeleg avgjersle innan 1. september er i strid med vallova, utgreiingsinstruksen og rettleiar for gjennomføring av folkerøystingar.
Kommunestyret er og i tvil om utgreiinga vil svare på dei utfordringane ein vil ha svar på når tidslina for gjennomføring er så knapp. Kravet om ei utgreiing i regi av Statsforvaltaren er heller ikkje lenger vareteke. Per i dag er det også fleire spørsmål vi enno ikkje veit svar på. Pris og kven som skal betale for eventuell deling veit vi ikkje.»,
påpeikar dei.

Desse partia ønska at ein skulle evaluere rapporten frå BDO i september og ta endeleg stilling til kva tiltak rapporten sine funn vil utløyse. Dei ønska at det skulle settast av ein fagdag kor kommunestyret kunne drøfta rapporten og invitere fagkompetanse til å utfylle rapporten.

Samstundes som ein skal gjere vedtaket, skal ein også bestemme kva dei to nye kommunane eventuelt skal heite. Her står ein fritt til å bestemme namn, då Flora og Vågsøy ikkje eksisterer lengre. Enkelte har teke til orde for at eks-Flora skal halde på Kinn. Eller kanskje Florø?

1. desember – Kongen i statsråd

Det er Kongen i statsråd som endeleg avgjer om Kinn skal delast opp.

September 2023 – Kommuneval

Blir delinga vedteke skal ein ved neste kommuneval velje kommunestyrer til dei to nye kommunane. Dei politiske partia må allereie no ta omsyn til dette, når dei no startar prosessen med kommunestyrelister til valet.

1. januar 2024: Ei eventuell deling trer i kraft