Alt blir dyrare. Prisen på Nordfjord Miljøverk (Nomil) sine tenester er ikkje noko unntak. Styret i renovasjonsselskapet har no hatt møte, der dei tilrår kommunane som eig selskapet om å justere gebyrsatsane for 2023.
Dei nye gebyra vil vere ei vidareføring av det som er gjeldande i dag, men med eit auka gebyr berekna ut frå budsjettet for 2023. Nomil legg opp til ei samla auke i gebyrsatsane sine på 3,75 prosent, justert til næraste heile krone.
Betalingsordninga for levering av avfall til gjenbruksstasjonane og til Eidsmonna sentralmottak er ikkje omfatta av denne gebyrforskrifta. Denne betalingsordninga blir handsama som eiga sak seinare.
Det betyr at prisane på dei forskjellige abonnentordningane til Nomil vil sjå slik ut i 2023. Dette er prisar inkludert meirverdiavgift.
1. STANDARDABONNEMENT
- I dette abonnementet inngår fire 140 l behaldarar
- Henting av våtorganisk avfall kvar 2. veke
- Henting av restavfall kvar 4. veke
- Henting av returpapir/plast kvar 4. veke
- Henting av glas og metall kvar 12. veke
Pris pr. abonnement pr. år. kr 4.509,-
2. STANDARD MED FRÅDRAG – EINSLEG
- I dette abonnementet inngår fire 140 l behaldarar
- Husstandsstorleik 1 person
- Henting av våtorganisk avfall kvar 2. veke
- Henting av restavfall kvar 4. veke
- Henting av returpapir/plast kvar 4. veke
- Henting av glas og metall kvar 12. veke
Pris pr. abonnement pr. år kr 3.664,-
Nomil har rabattordningar og fritidsabonnement som også får ei prisauke. Du finn heile oversikta over prisane for 2023 her: RENOVASJONSGEBYR FOR 2023
Kommunane som eig Nomil skal handsame gebyrforskrifta før den blir endeleg vedtatt.