Treng vi røtene våre?

STATSARKIVAR: Yngve Nedrebø er nesten for ei superstjerne å rekne i slektsgranskingsmiljøet. No kjem han til Florø. Foto: BA

STATSARKIVAR: Yngve Nedrebø er nesten for ei superstjerne å rekne i slektsgranskingsmiljøet. No kjem han til Florø. Foto: BA

Artikkelen er over 2 år gammel

Erfaren slektsgranskar og statsarkivar Yngve Nedrebø drøftar spørsmål kring slekt på Kystmuseet i kveld.

DEL

Kvar torsdag formiddag på Kystmuseet er ei gruppe ivrige i gang med å lære seg slektsgransking frå Per Reppen, eldsjel i den lokale Slekts-gruppa.
 

I samband med kurset, og som følgje av stor interesse kring temaet i tida, arrangerer Kystmuseet temakveld torsdag 9. mars.

– Vi ønskte oss ei tilnærming til «slekt»-temaet med perspektiv på denne trongen til å bygge identitet, kvifor det å få kjennskap til røtene sine er så relevant. Og undra på om dette er særleg for tida vår no, eller har det vore slik lenge?, fortel Jorunn Bjerk, formidlingsleiar ved Kystmuseet i Florø.

Slektsgransking vert stadig meir populært, og det finst fleire tv-program om å finne eller gå tilbake til røtene sine.
Yngve Nedrebø har jobba med fleire av desse programma, og er som ei superstjerne å rekne i slektsgranskingmiljøa. Torsdag kveld kan du altså høyre og lære frå han på Kystmuseet.

– Dette foredraget vil vere ein godbit for alle som er interessert i historie, og særleg for dei som likar å nøste i røtene sine, seier Jorunn Bjerk.

Han seier mellom anna dette om kvifor røter og slektsgransking vert stadig meir populært:

«Eg har vore i USA og snakka om slekt, og såg då at «røter» der var noko anna enn det eg kjende frå Noreg. Det tolka eg som eit resultat av mykje flytting og få «knaggar» å henge historia på rundt seg. Det gav eit sterkt behov for å få vite meir om kvar dei kom frå og kven dei var.
I det tradisjonelle Noreg var det ikkje så mykje å tvile på. Mange gjekk i fotspora til forfedrane dagleg, og kjende dei på ein måte. Namna deira kunne vere knytt til steinar og åkrar og hus. I dei siste tiåra er familiane oftare splitta, innvandringa har auka, og flytting til byar og sentrum har auka. Vi har distansert oss frå miljøet til forfedrane våre. Kan hende er vi no meir like amerikanarane på dette feltet, og har fått den same trongen til å finne røtene våre."

I følgje statsarkivar og slektgranskar Nedrebø handlar moderne slektsgransking no stadig meir om gen-testing;

«Moderne slektsgransking handlar no stadig meir om gen-testing. Der vi tidlegare måtte nøye oss med skriftlege kjelder som berre går 3-400 år attende, kan vi no gjennom gentestar sjå flyttinga til våre forfedre fleire titusen år attende. Kjeden av mutasjonar i mannslina vil, samanlikna med dei hundretusenvis av andre som har testa seg, kunne fortelje overraskande detaljert om kvar forfedrene har vore sidan dei gjekk ut frå Afrika for rundt 63000 år sidan. Dette kan vi samanhalde med arkelogisk informasjon, og plutseleg synest vi at vi veit mykje meir om dei gamle røtene våre. Eg har arbeidd ein god del med dette siste året, og synest dette gjev ein heilt ny dimensjon til slektsgranskinga. I tillegg gjev dette oss «nye» slektningar, og vi kan finne svar på nokre uløyste gåter, der kjeldene ikkje har opplysningar eller dei har feile opplysningar.»

Artikkeltags