Ho heiar på laksen

BESØK: Næringsminister Monica Mæland fekk omvising på Slakteriet i Florø. Sofie Standal (t.v.), tilsett og medeigar, forklarar ministeren om kvalitetskontrollen dei gjer på laksen. T.h. Kristin Bergstøl Hansen, dagleg leiar. Begge foto: Linda Regina Bruvik

BESØK: Næringsminister Monica Mæland fekk omvising på Slakteriet i Florø. Sofie Standal (t.v.), tilsett og medeigar, forklarar ministeren om kvalitetskontrollen dei gjer på laksen. T.h. Kristin Bergstøl Hansen, dagleg leiar. Begge foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg heier veldig på denne næringa, sa næringsminister Monica Mæland då ho møtte lokale laksebedrifter på Slakteriet i Florø onsdag.

DEL

Monica Mæland (H) besøkte ei rekke bedrifter i Florø onsdag, mellom andre Flora Dyreklinikk, Westcon og Kinn Bryggeri. Sist på programmet stod besøk på lakseslakteriet i Florø sentrum, og dialogmøte med lokale lakseeksportørar og -oppdrettarar.

Dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen presenterte Slakteriet og snakka varmt om ei næring med stort potensial.

Den nye olja?

– Vi driv i ei næring i vekst, og då må ein leve opp til det. Vekst er viktig, men den kjem ikkje av seg sjølv. Vi treng hjelp gjennom betre rammevilkår, dette er jo den nye olja, sa ho.

– Eg er samd i mykje, men olja skal vi ha! Vi skal ha begge deler. Eg heier veldig på denne næringa, understreka Mæland.

Bergstøl Hansen påpeika også at dei treng hjelp med omdømmet til oppdrettsnæringa.

– Det er ein god del påstandar frå andre parti i valkampen som ikkje er reelle. Kunnskap er nøkkelordet her, og det er viktig at folk veit at oppdrettsnæringa faktisk er reinare enn landbruket, og meir regulert, sa Slakteriet-sjefen.

Redusere formuesskatt

Av dei lokale bedriftene fekk Mæland grei beskjed om kva som må gjerast for å legge til rette for vekst i næringa; gi fleire utviklingskonsesjonar til oppdrettarane, få orden på Kina-samarbeidet så dei i større grad importerer norsk fisk, og gjer meir for å redusere formuesskatten.

– Den skatten er eit problem. Eg er bekymra for moglegheitene vi går glipp av på grunn av skatten. Vi må gå 14 mill. i overskot for å betale den, sa oppdrettar Alex Vassbotten.

– No skal vi truleg investere i eit bygg i Gunhildvågen, og forsøke å skape 30–60 arbeidsplassar der, og det må vi betale formuesskatt for. Viss skattlegginga vert som i dag, eller enda høgare, så er eg bekymra for framtida, sa han.

– Vi har senka både selskapsskatten og formuesskatten, påpeika Mæland.

– Men de har sitte fire år i regjering og ikkje gjort nok med formuesskatten, påpeika Vassbotten.

– Vi er samde i det. Vi må få ned skatten på arbeidande kapital, svarte ministeren.

Artikkeltags