Politiet måtte rykke ut til eit slagsmål utanfor Tapas Bar Burgers i Florø seint onsdag kveld.

Det skriv Vest Politidistrikt på Twitter.

Politiet fekk meldinga klokka 23.53, og berre nokre minutt seinare melder politiet at dei er på staden og snakkar med dei involverte.

Sjølve utestaden var på det tidspunktet stengt.

Då vi ringer operasjonssentralen ein halv time seinare oppklarer operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen det heile for oss.

– Det viste seg at det ikkje var eit slagsmål likevel. Det var litt klabb og babb, og så var det ein fyr som falt og ein annan som skulle hjelpe han. Dei rulla litt rundt på bakken, og den som melde ifrå hadde nok misforstått situasjonen.

Ingen skal vere skada i hendinga.