Senk farten – sjå opp for skulebarn!

De siste fem årene er 84 barn mellom 0 og 14 år skadet i trafikken i måneden for skolestart, viser nye tall.

De siste fem årene er 84 barn mellom 0 og 14 år skadet i trafikken i måneden for skolestart, viser nye tall. Foto:

Av

Bilførarar må vere ekstra merksame i samband med skulestart, åtvarar NAF.

DEL

Dei siste fem åra er 84 barn mellom 0 og 14 år skadde i trafikken i august. Det er same månad som skulestart. Tala for august er 37 prosent høgare enn dei andre månadene i snitt.

– Vi har ingen barn å miste, seier fagsjef Edmond Wold Gaulen i Frende Forsikring.

Midt på dagen

Dei fleste ulykkene skjer faktisk på veg heim frå skulen i 14-tida, ifølge forsikringsselskapet. 40 prosent av skadane skjer mellom klokka 14 og 18, mens 10 prosent av ulykkene skjer mellom klokka 07 og 09.

– Vi ser også ein liten topp midt på dagen, kanskje mens elevane myldrar i storefri og midttime, seier Wold Gaulen.

– Generelt aukar personskadar der barn er involvert ved skulestart. Typiske ulykker er påkøyrsle av bil i nærleiken av skulane. Dette er også årsaka til at politiet har hyppige fartskontrollar i nærleiken av skulane på denne tida, fortel han.

Barn langs vegen

Ho oppfordrar bilførarane om å vere ekstra oppmerksame i desse dagar og hugse på at det er barn som går langs vegen.
 

– Alle bilistar og foreldre, som må køyre barna til skulen, må senke farten i nærleiken av skulane og berekne god tid slik at ikkje stress utløyser aktløyse og nokre blir påkøyrd, seier Wold Gaulen.

Ein fjerdedel av ulykkene skjer på fredagar, mens 17 prosent skjer på torsdag, ifølge statistikken. Det er registrert flest personskadar i Oslo og Akershus, Hordaland og Møre og Romsdal.

Færrast ulykker med personskade er registrert i Hedmark, Nordland og Troms med berre ein personskade i kvart fylke, mens Finnmark og Svalbard står utan melde personskadar til forsikringsselskapa de siste fem årene.

Usikker skuleveg

Omtrent 60 prosent av barn i 6-12-årsalderen har fortau, gang- eller sykkelvegar til skulen.

– Her har barna vore vant til å ferdast med lite trafikk i sommar. Nå blir det uvant og lite oversiktleg med mykje biltrafikk, seier Wold Gaulen.

– Det er mykje dårleg skuleveg her i landet, og pengepotten er så liten at det tar for lang tid å komme i mål, seier Liv Røssland i NAF.

Ho etterlyser ein koordinerande gruppe på tvers av kommunar, fylke og Statens vegvesen med trafikksikkerheit og sikker skuleveg som felles mål.

Saka held fram under bildet.

Må bli sett

NAF har blant utarbeidd gratis opplæringspakker til barnehagane.

– Også barna må bevisstgjering, og det tidleg, gjerne allereie i barnehagen. Det handlar om at de blir sett, både på godt belyst skuleveg og med refleks når det blir mørkare, seier Røssland.

Tidspress og foreldrene sine bekymringar for sikkerheita på skulevegen er to viktige grunner til at barn vert køyrd til skulen, ifølge ein rapport om barn og ungdom i trafikken utarbeidde av Transportøkonomisk institutt (TØI) i 2018.
 

– Foreldre skal rekke jobben og er stresset, køyrer for fort, skal snu og rygge eit stad det kryr av barn. Så går det gale.

Slik beskriv Wold Gaulen ei typisk hending forsikringsselskapet registrerer. I Norge går eller syklar 63 prosent av 6–12 åringar til skulen. Resten reiser kollektivt eller blir køyrd. Syklistar har den høgste skaderisikoen av alle trafikantgrupper. (ANB)

Artikkeltags