I alle fall må det skje store endringar på dei tre grendeskulane som er att i Flora om det skal komme nye forlag om avvikling i dei neste fire åra.

Dei fem partia som samarbeider om politikken i Flora bestemte dette onsdag kveld, fortel Solveig Willis gruppeleiar for Ap.

Ho avviser såleis at utspelet til Jan Arve Midtbø (V) i torsdagens Firdaposten har påverka dei. Midtbø truga med å bryte ut og svekke samarbeidsgrunnlaget om ikkje grendeskulane på Solheim og i Steinhovden får halde fram.

Visste ikkje

– Vi tok avgjerda utan å vite om utspelet til Midtbø. Og skulle det ha hatt nokon effekt, trur eg det ville ha vore motsett det Midtbø ønskte, hevdar Willis.

Det har ulma i opptaksområda til dei tre utkantskulane som er att i Flora etter ein rapport frå Norconsult som konkluderte med at ei avvikling av grendeskulane i Norddalsfjorden, i Steinhovden og i Stavang vil gje ei innsparing til Flora kommune på sju millionar kroner.

Og denne veka følgde rådmannen opp med eit forslag til Levekårutvalet 24. mai om å avvikle to av dei, Solheim skule i Norddalsfjorden og skulen i Steinhovden, i samband med ei justering av opptaksområda til skulane i Flora.

Det var stor semje i kvintetten om at grendeskulane skal få halde fram. I utgangspunktet er særleg Solheim skule i dag i ein utfordrande situasjon med berre sju elevar.

Gode prognosar

Men prognosane seier at elevtalet vil ta seg opp att frå neste år av. Nybygging og fleire tilflyttarar som er venta til bygda lovar bra. Det same gjeld og dei andre grendene. Det er viktig at bygdene våre får denne sjansen. Vert ein skule først lagt ned skal det veldig mykje til for at den vert starta opp att, seier Willis.

Ho minner om det heller ikkje var politikarane som føreslo ei avvikling. Forslaget kom frå rådmann Terje Heggheim.

Willis er tydeleg på at det heller ikkje vil komme slike forslag frå kvintetten i fireårsperioden til bystyret.

Trygge skulevegar veg tungt for dei over 20 representantane frå kvintetten som deltok på møtet.

Ho avviser at dei gav eit signal om avvikling då bystyret opna for at det og skulle lagast ein skulebruksplan for grendeskulane – tilsvarande det som vart blitt gjort for sentrumsskulane. På fleire område som skulebygg og undervisingskvalitet er rapporten til Norconsult positiv