Skuleelevar som har vore på reise i område med korona-smitte blir tilrådd å halde seg heime frå skulen

DEL

På bakgrunn av siste dagars utvikling av koronaviruset har Vestland fylkeskommune no sende ut SMS til elevane i dei vidaregåande skulane.

Informasjonen er også tilgjengeleg på nettsidene deira.

Der skriv dei at om du den siste tida har vore i område med korona-smitte, eller i kontakt med nokon som var smitta og sjølv har symptom på smitte, så tilrår dei at du tek heimeisolasjon og kontaktar fastlegen pr. telefon.

Fastlegen kan gje sjukemelding utan oppmøte, om du følger råda til Folkehelseinstituttet.

Om du verken har vore på reise eller i kontakt med folk som er smitta av korona-viruset ber dei deg møte til undervisning som vanleg.

Folkehelseinstituttet skriv no at viruset er rekna å vere utbreidd i fastlands-Kina.

Andre område, der viruset er lokalisert, lavgradig men vedvarande er Hongkong, Singapore, Japan, Iran, Sør Korea og dei italienske regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto.

Har du nyleg vore på reise i eit av desse områda er det tilrådd at du held deg heime frå skulen, og ringer fastlegen din.

Måndag morgon melder rektor ved Flora vidaregåande skule, Knut Clausen, at ingen elevar ved skulen har meldt fråvær på dette grunnlaget.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken