Reaksjonen kan verte eit heitt tema når rapporten til Norconsult om grendeskulane i dag skal debatterast i Levekårutvalet, etter at Ap og samarbeidspartia (SV, V, MDG og Sp) la debatten om avvikling av utkantskulane død før høyringa var over.

I rapporten konkluderer Norconsult med at Flora kommune kan spare 7 millionar på å avvikle skulane i Steinhovden, Stavang og Solheim skule. Men i Firdaposten laurdag la Aps Solveig Willis ballen død for å skape ro bygdene.

Dette fekk FAU ved dei fire sentrumsskulane til å reagere.

– Vi kjenner oss rimeleg provoserte over at rapporten vert lagd i ei skuffe før foreldre og innbyggarane får uttale seg, skriv FAU-leiarane Ann M Hjertenes (Flora Ungdomsskule) Martin Ramsdal (barneskulen), Jo Dale Pedersen, Krokane skule og Marianne Wiik Myklebust, Torvmyrane skule i ein felles uttale. Til saman representerer dei over 80 prosent av foreldra som har barn i grunnskulen i Flora

– Dei har eit poeng, vedgår leiaren for Levekårutvalet Karianne Torvanger. Derfor lovar ho at fråsegna skal presenterast for utvalet i dag. Sjølv var ho i mindretal som vart nedstemt då hennar eiga partigruppe var med på å avblåse skulestriden før saka hamna i utvalet.

– Som representantar for foreldra har vi stor forståing for at her ikkje er enkle svar. Men vanskelege spørsmål må handsamast i full breidde, om ein slik rapport som er bestilt av bystyret skal ha meining, hevdar FAU-leiarane Martin Ramsdal og Jo Dale Pedersen.

Dei to understrekar at dei ikkje dermed meiner at det vil vere rett å avvikle grendeskulane.